Årets sprekaste middagsfest, kortreist glede og tverrbygdeleg moro – Tour de Hjelmås – slo an hjå både vertar og gjestar ein mørk novemberkveld. Det kan godt henda at vandrande matfestival på 5915 er komen for å bli, skal ein dømma etter responsen frå gjestar og vertar. Fire hus med vertar stilte opp for over 40 sirkulerande … Fortsett Kortreist glede og middag med refleksvest!
Minnerik Liv og Lyst-kveld i naustet på Mundal
Heile 35 sambygdingar i alderen 12 til 84 år samla seg til ein kulturell Liv og Lyst-kveld i naustet til Øystein Angelskår. Folk vart losa vel over vegen i oktober-mørkret av Gunnar Angelskår og Lars Alvær Hagesæter, og jamvel politiet måtte stå stille og vente for å sikre at folk kom seg trygt over vegen og ned i … Fortsett Minnerik Liv og Lyst-kveld i naustet på Mundal
Kreativt kveldsmåltid med liv og lyst
Bygdelaget samla folk til eit kveldsmåltid i Steinarstova for å følgja opp Liv og Lyst-samlinga me hadde før sommaren. No skal idéar settast ut i live! Først og fremst blir det kultur og fiskesuppe i naustet til Øystein Angelskår 17. oktober. Deretter blir det ein vandrande matfestival 3. november der me går frå hus til … Fortsett Kreativt kveldsmåltid med liv og lyst
Kjem du den 10. september?
Med liv og lyst skal me 10. september kl 19 gå laus på handlingsplanane som bygdefoklet lagde før sommaren. Berekraftig bygd, turløyper, bygdelagskafe, nubbesildfestival – dette er berre nokre få av forslaga som kom på veggen då me inviterte til idedugnad. Denne kvelden fokuserer me på berekraftig bygd og naturglede, og tek gjerne i mot … Fortsett Kjem du den 10. september?
Frå opera til hip hop på jubileumskonserten
Bygda viste fram talenta sine på beste vis under eittårs-jubileumskonserten til Storstova. 10. juni Først ut var Hjelmås mannskor som sjarmerte publikum i senk med sine songar og ablegøyer. Dei nytta også høvet på ny til å takka dirigent Åse Hagesæter for 15 herlege år. Og så fekk me oppleva Elida Hatlevik framføra MGP jr … Fortsett Frå opera til hip hop på jubileumskonserten