Heile 35 sambygdingar i alderen 12 til 84 år samla seg til ein kulturell Liv og Lyst-kveld i naustet til Øystein Angelskår.
Folk vart losa vel over vegen i oktober-mørkret av Gunnar Angelskår og Lars Alvær Hagesæter, og jamvel politiet måtte stå stille og vente for å sikre at folk kom seg trygt over vegen og ned i naustet.
Leif Johnsen meir kåserte, enn fortalte, om Berekraftig liv i Meland, og delte tankar om kva som skal til for å skape berekraftige liv her me bur. Dugnad, engasjement, eldsjeler og eigeninnsats er sentralt.
Den heimelaga ureiste fiskesuppa, med fisk frå Mundal, og kraft frå brosma, tatt nett innmed landet der me sat, fall i smak hjå alle. Foccaciabrød, meierismør og godt flatbrød høyrer også med til eit godt måltid.
Kulturprogram «Vi går ombord med Erik Bye og Jakob Sande» viste kva verten vår Øystein har av kapasitet som som kulturbærar. Fleire klassikarar vart også akkomangert av hans eiga skipsklokke på veggen. «Hør skipsklokkens klang», ja den høyrte me. Visste du at det er gjeve ut CD med lyd frå ymse båtmotorar, og at når du kombinerer lyden frå båtmotor med «Singel og sand», ja då stig stemninga til nye høgder? Det veit alle som var i naustet i Mundalstø. Det var nett som me kjende sjøsprøyten gjennom høgtalarane.
Tankane bak Liv og Lyst-prosjektet som bydga vår er ein del av, vart kort presentert – me skal ha det kjekt og ta initiativa som kjem frå folk i bygda på alvor og freista setja dei ut i livet.
Planane om utvida fiskeoppdrett på Mundal i «Eikebæråna» vart diskutert, folk vart oppmoda om å koma med høyringsinnspel. Bygdelaget 5915 har i etterkant sendt inn høyringssvar mellom anna basert på innspel frå naust-kvelden som gjekk kring tema forureining, berekraft, allemannsretten, manglande og urette saksdokument.
Folk vart inviterte til å ta del i sildefiske saman med Øystein Angelskår med fleire, første fullmåne i februar. Det kom også opp konkrete planar for eit lubbesildgilde i naustet i mai!
Heilt tilslutt, med Otto Aksnes som bakgrunnsmusikk, song me «Gje meg handa di ven» før alle gjekk heim mette av inntrykk og fiskesuppe.
Tusen takk for at du tok i mot oss, Øystein!