Forestillinga «30 år med revyterapi» tok publikum med på ein herlig nostalgitripp med gamle perler og nokre nye, då UL Heimhug si revygruppe klinka til siste helga i mars. Revyens 30-års jubileum har måtte venta litt på grunn av pandemi og travle skodespelarar, men no var det endeleg duka for to kveldsforestillingar med pub, og … Fortsett Ellevilt og vittig frå revygjengen!
Kategori: Nyheiter
30 år med revyterapi!
Hjelmåsrevyen er klar med ny framsyning «30 år med revyterapi», og har denne helsinga til bygdefolket: «Me heldt oss friske og glade og set pris på at me har evna til å le, me som får ta oss ut på scenen på og i ungdomshuset. I 1991 hadde me vår første revy, og 2021 skulle … Fortsett 30 år med revyterapi!
Årsmøte og nytt styremedlem
15. mars var det årsmøte i Bygdelaget 5915. Her vart årsmelding og handlingsplan gjennomgått, rekneskap og budsjett godkjent, og to styremedlemer vart takka av. Dei lure som hadde møtt opp, fekk også smaka av den kjempegode sjokoladekaka, og eit gledelig gjensyn med "Sandvikadalan minutt for minutt" - ei videoperle frå revygruppa i ungdomslaget. Mathias Midtgård … Fortsett Årsmøte og nytt styremedlem
Svett romjulsmoro i Storstova!
Elleve lag med fantasifulle namn og entusiastiske spelarar fekk fart på julekaloriane i årets romjulscup i Storstova på Hjelmås. Dei som gjekk av med sigeren var Trille Ball, medan Langrennsportens venner kom på andre plass. Laga Raunis og Hellesneset delte tredjeplassen. Både kvinner og menn mellom 14 og 100 år var inviterte til å delta … Fortsett Svett romjulsmoro i Storstova!
Vandra saman til varierte menyar
God stemning og god mat på årets vandrande matfestival på Hjelmås! Heile 46 gjestar spaserte i grupper mellom fem heimar for å forsyna seg med deilige rettar og godt selskap gjennom den milde novemberkvelden. - Spesielt kjekt var det at fleire nyinnflytta var med i år, så alle deltakarane rakk å bli kjent med nye … Fortsett Vandra saman til varierte menyar