
Hjelmås Båtforening
Foreninga vart skipa 5. sept 1993.
Båtforeninga har eiga båtbrygge inst i Hjelmåsvågen på Hjelmås. Båtbrygga har 2 utstikkarar med tilsaman 37 båtplassar, jolleplassar og gjesteplassar. Brygga ligg i stilt farvann med flotte omgjevnadar kor søndagsopen nærbutikk og sanitæranlegg er like ved.
Kontaktperson:
Leiar i båtforeninga er Per Ole Ekker Tlf 995 54 540 – E-post: per-ole.ekker@alver.kommune.no

Leiknes blåseorkester
Leiknes Blåseorkester er eit lavterskelkorps med 18 godt vaksne medlemar og brassbesetning.
Frå hausten 2026 får me Joacim Gjerdevik som ny dirigent, noko me ser veldig fram til. Korpset har faste konsertar med basar kvar haust, vinter og vår, og desse arrangementa betyr mykje for oss – både musikalsk og sosialt. Me er svært takksame for all støtta me får frå bygda og lokalmiljøet. Folk møter opp på basarane våre, lokale bedrifter bidreg med gevinstar, og mange stiller opp for oss på ulike måtar. Det set me stor pris på. I ein kommune med eit sterkt brassbandmiljø ønskjer me å vere eit litt annleis tilbod. Me stiller ikkje i konkurransar slik mange andre korps i Alver kommune gjer, men ønskjer heller å skape gode musikalske opplevingar for både oss sjølve og publikum.
No arbeider me med eit nytt konsept der me vil reise rundt og spele for dei som kanskje ikkje kjem seg på konsertar. Me ønskjer å arrangere allsangkveldar på sjukeheimar rundt om i kommunen, der publikum kan synge med på kjende og kjære songar. Dette er eit prosjekt me verkeleg gler oss til å utvikle vidare. Me har òg fleire idéar og prosjekt me ønskjer å jobbe fram for å engasjere barn i barneskulealder og skape meir interesse for musikk og korps.
Leiknes Blåseorkester ønskjer gjerne fleire medlemar. Har du spelt før – eller kanskje det er lenge sidan sist – er du hjarteleg velkomen til oss. Det gjer ingenting om instrumentet har vore lagt bort ei stund, det kjem seg fort igjen!
Me øver kvar torsdag frå kl. 19.30 til 21.30 på Leiknes Skule. Ønskjer du å spele saman med oss?
Ta kontakt med Evelyn Bjørge på telefon 905 71 581.

Hjelmåskarane er ein glad gjeng med songarar, eit utradisjonelt mannskor som har markert seg på kulturfronten sidan oppstarten i 2003.
Me er kjende for humør, glede og ablegøyer. På scena presenterer me viser, balladar og melodiar frå pop og jazzverda i ei flott blanding. Varemerket vårt er å syngja på norsk, mange tekstar skriv me sjølv, og me har gode solistar i koret.
Dirigenten vår, Helge Riise, er ein mann med lang erfaring som musikar og dirigent. Han arrangerer alle melodiar som me har på repertoaret, og med mange sjølvskrivne tekstar kan me presentera eit program som er unikt.
Me har opp gjennom åra hatt fleire større prosjekt med gode tilbakemeldingar frå publikum, seinast i 2026 to vellukka konsertar saman med Olav Stedje, der me kunne gleda oss over fulle hus i Storstova på Leiknes skule og i Åsane kulturhus. På Facebook og Youtube kan du finna opptak frå ein del av konsertane våre.
Me øver på Leiknes skule tysdagar frå kl 1900 – 2130. Hjelmåskarane er heile tida på jakt etter nye medlemmer. Så til deg som syng litt på badet – ta turen innom på ei av øvingane våre og sjå om dette er noko for deg. Me skal ta vel imot deg!

Hjelmåsrevyen
Hjelmåsrevyen har hatt revyar i Hjelmåsbygda sidan 1991. Me lagar det meste av
tekstar og tull heilt sjølv, og vil gjerne ha deg med på laget.
Hjelmåsrevyen er ein del av ungdomslaget Heimhug og øver og spelar revy i vårt
lokale ungdomshus Ljosheim.
Me reiser også rundt og lagar moro både i eiga bygd, og kringom. Me tek humor på
ramme alvor og gjer det me kan for å skape glede og humor i kvardagen.
I heile vår har me hatt idémyldring og skrive på ein del tekstar til komande revy. Me startar opp att med skriving i august.
Vil du bli med oss?
Kontakt Anne Rose M. Westervik tlf: 94 35 29 76 eller e-post:
annerosemw@hotmail.com