I Hjelmås-bygda finnes det eit yrande kultur- og organisasjonsliv.
Her likar folk å være med folk, gå på tur, ta seg ein tur på bygdepuben i ungdomshuset, eller gudsteneste i kapellet. Me har folk som likar bil, båt, fiske, ikkje fiske, sykkel, revy, bollar, brød, hest, sau,hund, katt, bading, hytteliv og mykje mykje meir.
Hvis du er ny her i bygda og vil vete litt om det som skjer, så kan du lese om det her på nettsida vår, på Facebook- sida vår og på Instagram-kontoen vår.
Heimesida vår er for tida under oppdatering fordi sjølv den mest innbitte stril må innsjå at framtida er no og me heng per no litt etter.
Bygda har daglegvarehandel, skule, barnehage, kyrkje, bedehus og ungdomshus. I tillegg kjem ein del småindustri, serviceverksemder og gardsdrift.
Beste helsing Bygdelaget 5915