Er du klar for årets høgdepunkt?

Ein av dei kjekkaste tradisjonane me har har her i Hjelmåsbygda er den vandrande matfestivalen.

Ein kveld der ung og gammal (les: Gen Z og Boomers), innfødde, innflytta, utflytta og alle som er glade i Hjelmåsbygda kan få oppleve varme husrom og god mat rundtom i bygda.

Har du ikkje fått med deg kva det handlar om, sei du? Så høyr no her kjære ven:

Årets dato er 14.oktober

Me samlast på Eknes karosseri kl 1800 – der julegrana pleier å stå.

Det blir ein velkomstdrink og me presenterar kveldens vertshus. Deretter går me i grupper på 8-10 personar frå hus til hus for en 3-retters meny. Gruppene miksast undervegs med kjente og ukjente naboar frå heile bygda. Forrett, hovudrett og dessert med drikke blir servert i ulike vertshus, og alt er inkludert.

Alle deltakarer er hjerteleg velkomne på DJ Monks jazzpub i Helleåsen når desserten er fortært! 

Bindande påmelding med betaling på 350 kr pr. pers. snarast, og seinast 30. oktober.  
Har du spørsmål, kontakt Charlotte Grøttveit på 932 85 058.


Oppdag mer fra Bygdelaget 5915

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.