Reglar for logo-konkurransen

1. Føremål

Bygdelaget 5915 inviterer alle til å utforme ein logo som representerer bygda vår. Logoen skal spegle identitet, fellesskap, natur og/eller særpreget til området.

2. Kven kan delta

  • Konkurransen er open for alle (innbyggjarar, tidlegare innbyggjarar, elevar, kreative sjeler osv.). 
  • Det er høve til å delta både åleine og som gruppe (til dømes skuleklasse eller familie). 

3. Krav til logoen

Logoen skal:

  • Vere eigenprodusert (ikkje kopiert eller basert på opphavsrettsleg verna materiale). 
  • Kunne nyttast både digitalt og i trykte medium (plakatar, klede, sosiale medium osv.). 
  • Vere tydeleg og lett attkjenneleg, også i liten storleik. 
  • Gjerne innehalde element som speglar:
    • natur (fjord, fjell, hav, skog) 
    • lokalt særpreg 
    • fellesskap og aktivitet 

4. Format og innsending

  • Bidrag skal leverast digitalt i PNG-, JPG- eller PDF-format. 
  • Du kan også levere på papir om du ikke kan levere elektronisk. 
  • Legg ved ei kort skildring av tanken bak logoen (maks 100 ord). 
  • Bidraget skal sendast til: Bygdelaget 5915 post@5915.no

5. Frist

  • Innleveringsfrist: 1.10.2026

6. Jury og vurdering

Ein jury oppnemnd av Bygdelaget 5915 vurderer bidraga ut frå:

  • relevans for bygda 
  • kreativitet og originalitet 
  • kor godt logoen eignar seg til ulike bruksområde 
  • estetisk uttrykk 

7. Premiering

  • Vinnaren får hederlig omtale og flott premie!
  • Vinnarlogoen vert teken i bruk som den offisielle logoen til Bygdelaget 5915. 

8. Rettar

  • Ved innsending gjev deltakaren Bygdelaget 5915 rett til å nytte logoen. 
  • Vinnarbidraget vert eigedomen til Bygdelaget 5915. 

9. Atterhald

Bygdelaget 5915 tek atterhald om retten til å forkaste alle innsendte bidrag dersom ingen av forslaga vert vurderte til å halde den kvaliteten eller det uttrykket Bygdelaget ønskjer.

10. Kunngjering av vinnar

  • Vinneren vert kunngjort 15. Oktober. 

Oppdag mer fra Bygdelaget 5915

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.