Årets sambygding 🫶

Helge Gjelsvik er kåra til årets sambygding. Me gratulerar!

Under kan du lese grunngjevninga til Bygdelaget.

Grunngjeving:

Prisen «Årets Sambygding» skal heidra gode krefter som gjennom året eller over tid har stått fram som positive eksempel i bygda vår. Ueigennyttig og frivillig innsats for bygda, fellesskapet og veike grupper skal vektleggjast det same gjeld  positiv omtale og profilering av bygda vår og innsats over tid.  

Årets sambygding 2026 har ein veldig gjennomføringskraft og eit driv i det frivillige arbeidet han gjer. I lang tid og på fleire arenaer har han brukt enormt med tid og krefter for det han trur på. Eit misjonskall og det å fortelja om Jesus er drivkrafta hans, og resultata me ser er imponerande. 

Å hindra utanforskap, einsemd og sjå alle dei unge som slik som dei er, å visa omsorg og å by på seg sjølv fell han heilt naturleg. Ein dugnadsdag for veka er hans målsetting. Årets sambygding er ein vaksen å stole på, han gjev dei unge tillit og ansvar.  Og dei måla han arbeider etter, lukkast han med. Han ser alle og har ekstra omsut for dei som strevar. 

Han er den einaste me kjenner til som har stått i bresjen for rehabilitering av tre bedehus. Det eine av dei, kanskje det mest besøkte bedehuset i heile Noreg, Holy Riders i Sandvikadalen. Her har han vore ei drivkraft i fleire år, mellom anna stått i bresjen for fjeskok, smalahovefesten som samla fulle hus. Då byr han på seg sjølv, og er også med og underheldt og spelar og syng. 

I Midtgård bedehus har han over tid vore ein del av styret. I forbindelse med at Midtgård bedehus tok over ansvaret for Betel Leknes hadde årets sambygding ein visjon for bygget; dette skulle bli eit lågterskeltilbod, ein plass å henga for ungdom, ein stad der alle kunne kjenna seg heime! Frå 2022 har han vore ei drivande kraft i rehabiliteringsarbeidet.  

Mange har vore innom og gjort ein stor innsats for at Betel 2.0 no står ferdig og kan brukast av alle, så i fare for å gløyma nokon, vil me takka alle som har bidratt for innsatsen. Me har fått ein ny og inkluderande møteplass i bygda, og nøkkel til kodelåsen på trappa kan alle få. Men rydd etter deg og sløkk lyset når du går. 

Bak slike store dugnadsløft står ei koordinerande og drivande kraft – det har vore rolla til årets sambygding. Ei rolle han gjer på imponerande vis. Dugnad, donasjonar, milde gåver og spleis til kjøkken går så smurt at det ser ut som det berre kjem heilt av seg sjølv. 

Årets sambygding har ein smittande glød for det han trur på, han ser alle og har eit brennande ynske om å hindre einsemd og å skapa ein god sosial møteplass der alle kan kjenna seg heime. Det er med stor glede Bygdelaget 5915 kan utnemne Helge Gjelsvik som årets sambygding.


Oppdag mer fra Bygdelaget 5915

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.