Kreativt kveldsmåltid med liv og lyst

Bygdelaget samla folk til eit kveldsmåltid i Steinarstova for å følgja opp Liv og Lyst-samlinga me hadde før sommaren. No skal idéar settast ut i live!

Først og fremst blir det kultur og fiskesuppe i naustet til Øystein Angelskår 17. oktober.

Deretter blir det ein vandrande matfestival 3. november der me går frå hus til hus i grupper og får trerettars måltid og ei god sosial oppleving. Meir informasjon og påmelding

Me snakka om tiltak for berekraftig bygd, resirkulering og gjenbruk, og om mulighetar for ein pop-up bygdelagskafé, som kanskje kan vera myldreplass for nye idéar.

Strikkekafé og ein sykkelverkstad til klargjering av syklar for våren kom også opp som ein god ide.

Kommunen har 200 000 til skilting av turvegar, me vil arbeida med skilting av turvegar i Hillesvåg området, først – trygge stiar utan kryssing av E 39.

Ein lubbesildfestival i mai var det også stemning for, og så må me ikkje gløyma å ivareta dei unge sine ønske om aktivitetar som ungdomsklubb, paintball-leikeplass med meir.

Neste liv og lyst-kveld blir altså i naustet til Øystein på Mundalstø: Fiskesuppe og kulturtema: «Vi går om bord – Jakob Sande». Då speler me vinylplater med Sande i originalopptak. Kan hende kjem også Kaptein Kåre Knall Midtfjords innom?

Dato: 17. oktober kl. 19-22. Då vegen til naustet går rett over E 39 må alle møta med gul refleksvest og bli guida over vegen. Har du spørsmål kan verten Øystein svare på tlf: 97581083, eller på epost: oystein.angelskar@gmail.com

livoglystkvelds

Septembermøte: Før kveldsmaten kom på bordet oppsummerte deltakarane den første Liv og Lyst-samlinga, og plukka opp idéar som kom fram i første runde.