Med liv og lyst skal me 10. september kl 19 gå laus på handlingsplanane som bygdefoklet lagde før sommaren. Berekraftig bygd, turløyper, bygdelagskafe, nubbesildfestival – dette er berre nokre få av forslaga som kom på veggen då me inviterte til idedugnad.
Denne kvelden fokuserer me på berekraftig bygd og naturglede, og tek gjerne i mot fleire idéar. Det blir kveldsmat, god preik, tips og idear frå Berekraftige Liv i Meland, og ei kjekk stund i sosialrommet i Storstova.
Ta med nokon du likar, og kom!
Helsing Bygdelaget 5915