Bygda viste fram talenta sine på beste vis under eittårs-jubileumskonserten til Storstova. 10. juni
Først ut var Hjelmås mannskor som sjarmerte publikum i senk med sine songar og ablegøyer. Dei nytta også høvet på ny til å takka dirigent Åse Hagesæter for 15 herlege år.
Og så fekk me oppleva Elida Hatlevik framføra MGP jr songen sin «Framtid», til stor begeistring blant dei 120 frammøtte.
Av nye ukjende talent i bygda vår kan nemnast Stine Mariell Solsvik Strømmen, frå Vestre Jakobselv i Finnmark, song « Har du fyr», og me vonar alle å høyra meir frå den dyktige sambygdingen vår.
Gjesteartisten Ksenia Kurpijanova frå Russland er berre 14 år, men er alt eit stort talent. Ho imponerte på flygel, og ville helst hatt med seg flygelet til Storstova heim. Du får heller koma tilbake, Ksenia, så lagar me konsert med deg igjen!
Konserten vart avslutta av Geir Dancke Molvik og Else Iren Westervik.
Saman og kva for seg famførte dei klassiske verk som Ave Maria, Bring him home og Time to say goodbye. Me fekk ei flott avslutning på konserten, og gjekk heim med minne om mykje vakker song og musikk.
Ein av dei frammøtte sa dette etter konserten « Kva skal me vel med dyrt operahus, når me har Storstova?» Det oppsummerer vel kvelden for den flotte eittårsfeiringa av Storstova.
Bilete:
• 14 år gamle Ksenia Kuprijanova frå Moskva, var gjesteartist og imponerte stort på flygel
• Rune Alver og Åse Hagesæter snakka nok om musikk
• Else I. Westervik og Geir Dancke Molvik avslutta konserten med den vakre duetten « Time to say goodbye».
• Husbandet med Ove I. B. Danielsen, Kjetil Sæle (gitar/bass), Andreas Kleiva (trommer og Stine Mariel Solsvik Strømmen og Hilde Alvær Hagesæter, forsongarar, var skipa utelukkande for denne konserten. Dei hadde øvd to gongar i lag og hatt det veldig moro!
• 120 frammøtte nytte konserten og ein lang og god kaffipause
• Whatever Hip hop frå UL Heimhug imponerte nok ein gong. Amalia, Maria, Alida, Emilie og Silja.