Vil du spele i skulekorps?

Knarvik skulekorps skal snart ta opp nye aspirantar, og vi inviterer alle frå 3. klasse (dei som startar i 3. klasse hausten 2018) og oppover til å bli med på aspirantkurs frå hausten 2018.

Her lærer du notar og du får eige instrument som du har med deg heim. Det å spele i korps er gøy og sosialt, og du får mange kjekke opplevingar med konsertar, konkurransar og turar.
I Knarvik skulekorps har vi både hovudkorps, juniorkorps og aspirantkorps. Ein er aspirant i eitt år før ein byrjar i juniorkorpset. Etter to år i juniorkorpset byrjar musikantane i hovudkorpset.

Viktig informasjon:
• Oppstart for nye aspirantar vert ved skulestart i august.
• Aspirantane vert inndelt i grupper, der kvar gruppe får minimum 45 minutt undervisning. Øvingsdag, øvingstid og øvingsstad for neste sesong vert endeleg bestemt når vi ser kva som passar best samla sett. Vi vil så langt det er råd ta hensyn til ønskje frå foreldre og aspirantar.
• Aspirantane vil få instrument og nødvendig utstyr på første øving.
• Medlemar i korpset betalar kontingent. Kontingenten for aspirantar er kr 250 pr halvår. I tillegg betalar ein kr 250 pr halvår for lån av instrument.

Påmelding kan du sende til e-postadressa under.
Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål!
Helsing
Torunn Bachmann, aspirant- og juniorkorpsleiar
Tlf: 92016671
torunnbachmann@hotmail.com