Er det mulig? Ja det er det. Me har allereie hatt Storstova vår i eitt år! Alle hugsar den fabelaktige opningsdagen – no feirar me det første året med ein variert konsert.
Konserten er til inntekt for lydanlegg og flygel, det er store investeringar som bygda har gjort for å gjera Storstova attraktiv å bruka for alle. Så kom og høyr den flotte lyden! Det vert presentasjon av Liv og lyst-prosjekt og kunngjering av vinnarar i namnetevling for romma i Storstova.
Storstova 10. juni kl. 17 -19.30
Kom og høyr og sjå:
Gjesteartist Ksenia Kuprijanova
Hjelmås mannskor
Boris Kuprijanov, Else I. Westervik og Geir Dancke Molvik
Elida Hatlevik
Andreas B. Vetås
Sara-Helen Romarheim og Helga Angelskår Eikrem
Husorkesteret
Whatever Heimhug (hip hop)
Ove Danielsen og Stine Mariell Solsvik
Mat og kaffi er inkludert i prisen.
Kr 150,- per person
Kr 350,- per familie
Barn under 15 år: kr 50,-
Velkomen!