Årets sprekaste middagsfest, kortreist glede og tverrbygdeleg moro – Tour de Hjelmås – slo an hjå både vertar og gjestar ein mørk novemberkveld.
Det kan godt henda at vandrande matfestival på 5915 er komen for å bli, skal ein dømma etter responsen frå gjestar og vertar.
Fire hus med vertar stilte opp for over 40 sirkulerande gjestar, som gjekk opptil 2,5 kilometer mellom forrett og hovudrett. Ingen kunne bestemma kven dei skulle dela bord med på neste måltid, for gruppene delte seg også undervegs. Resultatet vart eit sammensurium av livleg prat mellom eldre og yngre, frå Sandvik i eine enden til Mundal i den andre. Menyane varierte like mykje som gjestane. Nokre fekk skalldyrsalat til forrett, andre fekk grava ørret, andre fekk blåskjell og scampi, eller marinert laks med avocado. Til hovudretten vanka det indrefilet med serranoskinke i eitt hus, kyllinggryte med mango i det andre, reinsdyrfilet i det tredje og villsvin og dådyr i det siste. Alle fekk søte og saftige dessertar, og kunne vanka mette og nøgde vidare til DJ Monks jazzpub i Helleåsen.
At så mange inntok landevegen med refleksvest og høgt humør i kraftig vind og mørke, var ei bragd. At dei i tillegg ikkje ville gje seg, men spaserte opp att i Helleåsen for å fortsetta festen etter måltida, fortel at det vart stifta nye og verdifulle bekjentskapar og friska opp i gamle venskapsbånd i løpet av kvelden.
Ein framand er ein ven du ikkje kjenner. Matfestivalen var eit av tiltaka som Bygdelaget 5915 prøver ut i Liv og Lyst-prosjektet som me er med i, der noko av formålet er å integrera nyinnflytta innbyggjarar med dei som har budd her lenge, slik at me blir kjende og i lag samarbeider om å skapa eit godt miljø her me bur.
Som ein av gjestane så treffande sa det til ein annan: «Eg har sett deg før, men visste ikkje kven du var. Neste gong skal eg helsa på deg i butikken!» Andre vart inspirerte til å tenka eit liknande konsept utandørs til sommaren – her er det berre til å koma med gode idéar, så kan Bygdelaget vera med på tilrettelegging og marknadsføring.
Dersom det er interesse for ein ny matfestival til neste vinter, så skal me få det til!