Hurra for ny periode med Liv Og Lyst på 5915!

styret

Inger Helen Midtgård, Osvald Fyllingen og Elin F. Styve i styret i Bygdelaget 5915 er kjempeglade for julegåva frå Regionalforvaltninga – forsatt satsing på Liv Og Lyst-prosjektet i bygdene våre!

Bygdelaget 5915 har i samarbeid med kommunen fått tilsegn på tre nye år med støtte til LivOgLyst-satsing i bygdene våre. Dette gjev store mulighetar for å vidareutvikla mange av dei gode idéane som allereie er skapte om korleis me kan skape kortreist glede der me bur.

LivogLyst Hjelmås har no vore eitt-åring i LivOGLyst. Dette året har me arbeidd for å sikra ei brei mobilisering for å skape kortreist glede her me bur. Men me er knapt kome i gang og gler oss veldig til å fortsetja. Folk her lokalt har mange, gode og berekraftige utviklingsønske for bygda si.

LivOGLyst samlinga i Storstova 8. april gav startskotet for mobiliseringa her hjå oss. Her møtte 50 personar i alder 10-85 år, til prat, kultur, god mat og idemyldring. Me nytta oss av Open space, ei deltakardemokratisk tilnærming som har som mål å mobilisera dei det gjeld til å arbeida for det dei brenn for, og finna andre med same interessefelt. Samlinga utarbeidde ein handlingsplanen som me skal ivertsetja dei neste tre åra.

Sidan har me hatt ein LivOGLyst-kvelds i september som arbeidde vidare med idéar og idémyldring med 20 deltakarar i alder 13-85 år. Me arrangerte også ein LivOGLyst-kvelds i naustet til Øystein Angelskår i oktober med kulturprogram, kortreist fiskesuppe, berekraftig liv frå Meland som gjestar til inspirasjon, og med 35 deltakarar i alderen 13-80 år. Her vart det drøfta innspel til høyring om plan for utviding av fiskeoppdrettanlegg og planlagd sildefiske første fullmåne i februar og lubbesildfestival i mai

Me arrangerte ein vandrande matfestival i bygda i november, med 44 påmelde og fire vertshus. Å koma heim til sambygdingar privat og eta middag med folk ein gjerne aldri før har snakka med, viste seg å vera ein populær aktivitet, og nye venskapsband vart skapte.

Me erfarer at ulike arenaer og møteplassar mobiliserer ulike folk. Og me ser at me enno har igjen å få fleire i bygda i med på LivOGLyst satsinga. Me ser at gode idéar avlar nye idéar, og fleire kjem til etter kvart. Det er litt tungt å fordela ansvar blant dei som ikkje er aktive medlemer i bygdelaget,  så det krev at bygdelaget er litt pådrivarar og gjetarar av aktivitetane. Målet er å kunna tilretteleggja utan å overta ansvaret og initiativet, og heller byggja, støtta, motivera og kopla dei rette folka saman.

Den komande LivOgLyst-perioden vil me bruka til å vera ein arena for folk sine idéar, skape møteplassar der idéar kjem opp, og kunne ta tak i desse. Me vil få folk til å delta aktivt, og få med alle aldersgrupper og ulike grupperingar i bygda.

Målet er å testa ut idéane, og sjå om dei er berekraftige over tid. Det er eit mål å sikra at både langsiktig og kortsiktig innsats skal gjennomførast, slik at ting med tida skal kunne gå av seg sjølv. Bygdelaget si rolle er å vera fødselshjelpar for initiativ som folk kjem med, vera kanal og bindeledd og sikra økonomisk tryggleik for aktivitetar i utprøving.

På samlinga i april vart det laga følgjande handlingsplan som me no har rom for å jobba vidare med:

  1. Skipa bygdekafè
  2. Ungdomsklubb med sumarklubb og meir leikemråder
  3. Berekraftig bygd – grøn bygd
  4. Tur og turløyper – kart og pensjonistturar
  5. Hage/gartnerlag – hagebesøk og råd frå andre hagefolk
  6. Dragracetraktorløp/kassabilløp
  7. Bygdeguide for nye innbyggjarar- gje informasjon, rekruttere guidar- gje oversikt
  8. Redesign/symeisterskap- arbeidsgruppe på fem personar

Handlingsplanen er ikkje endeleg,  og me ser at nye idéar dukkar opp og at gamle vert vidareutvikla, når folk møtest.

Velkomen til nytt LivOgLyst-år i 2019!