Minner frå Leiknesbygda rundt +- 1960
Kan du tenkja deg noko finare. Det er fullmåne og stjerneklart, litt snø som er hardkjørt i vegbana (kommunebilen hadde ikkje plogen heilt nedpå, det sleit mindre på skjeret!). Med andre ord, perfekte forhold for rattkjelkekjøring, det går så det gnista av meiane når du treffer ein stein frå grusen i vegen.
Du har fått den finaste og greiaste jenta i heile bygda som passasjer. Farten aukar, du lagar litt ekstra «svingar» før svingen innpå brua, ho vert «litt redd» og tar tak rundt deg og heldt fast, og dersom ho ikkje sleppe taket før rattkjelken stoppar på andre sida av brua er det eit svert godt tegn! Då er livet godt å leva, eg ville ikkje bytta med nokon i heile verda!
Om vinteren når det var kuldegrader, snøen hadde lagt seg på bakkane og den var passeleg nedkjørt i vegen, var det veldig populert for oss ungane / ungdomane å «skreia» på rattkjelke om kveldane.
Rattkjelke var vel den julepresangen som stod øverst på ønskelista til jul for mange (gutar).
Me samlast ofta i «vegaskiftet under lampalyset» opptil 8-10 rattkjelkar og 10-15 gutar og jenter. Mest vanleg var «Sudmannsbrekka», den var passeleg bratt og ikkje så lang så me kunne klara 8-10 turar for kvelden. Dei fleste rattkjelkane var 3 og 6 seterar med «waier» styring, men det var og fleire variantar med bla «tannstang» styring og litt høgare meiar, desse var kjent for å gå litt fortare på enkelte føre.
Andre gongar gjekk me heilt til Hopsdal. Dersom føret var godt kunne det gå heilt over «Angelskår-flaten» og ned til «potetkjellaren» til dei i Treet. Men då rakk me berre to turar for kvelden, eller ein tur til Hopsdal og ein til «Fossleet».
Det var alltid gutar som som kjørde og jentene sat bakpå.
Det var «litt» konkuranse og spennande å sjå kven du fekk med på kjelken, du kan vel sei at det var litt «romantikk» i lufta!
Det var svert sjelden at det kom ein bil, me høyrde lyden og såg lysa leng før dei kom og dei som kjørde på den tida om kvelden visste at det var vanleg med rattkjelkekjøring og tok hensyn. Refleks var ikkje oppfunne og veglys var det lite av. Nokre «pyser» hadde montert lommelykt på rattkjelken!
Det var ikkje alle som var like glad for rattkjelkekjøringa, spesielt i «nøstkleiva» ned til kaien og rutebåten, butikken, posten og meieriet, for det vart veldig glatt nermast «polert» i vegbana.
Men det var sjelden det vart strødd før mildveret kom og det vart is i vegbana og då kanskje berre på eine sida!
Dette er fine minner og kjekt å tenkja tilbake på. Synest nesten synd på dei som veks opp i dag ikkje får oppleva slike ting. Men dei får sikkert andre kjekke ting å tenkja tilbake på, når dei vert pensjonistar.
Tida er i endring og me med den.
Øystein Angelskår