Me er ein glad gjeng på 25 mannfolk når alle er tilstades. Denne hausten har me fått ny dirigent, Helge Riise er dyktig og inspirerande, og me heldt no på å øve inn nytt repertoar – sjømannsviser, balladar og eviggrøne melodiar frå pop -og jazzverda. Dette skal enda opp i ei jubileumsframsyning til våren då koret feirar 15 årsjubileum.
Me vil gjerne ha kontakt med deg som likar å syngja – enten det er på badet eller saman med andre. Kanskje har du vore med i eit kor tidlegare ? Me øver på Leiknes skule kvar tysdag frå kl 1900 til 2130. Du er velkommen innom på øving om du berre vil sjå og høyra kva me driv på med – så kan du avgjera etterpå om dette var noko for deg . Håpar å høyra frå deg – velkommen skal du vera !
Med helsing frå oss i Hjelmås mannskor v/ Reidar Konglevoll