Minner frå Leiknesbygda rundt +- 1960 Kan du tenkja deg noko finare. Det er fullmåne og stjerneklart, litt snø som er hardkjørt i vegbana (kommunebilen hadde ikkje plogen heilt nedpå, det sleit mindre på skjeret!). Med andre ord, perfekte forhold for rattkjelkekjøring, det går så det gnista av meiane når du treffer ein stein frå … Fortsett Frå gamle dagar: Rattkjelkekjøring i Sudmannsbrekka og frå Hopsdal
Hurra for ny periode med Liv Og Lyst på 5915!
Bygdelaget 5915 har i samarbeid med kommunen fått tilsegn på tre nye år med støtte til LivOgLyst-satsing i bygdene våre. Dette gjev store mulighetar for å vidareutvikla mange av dei gode idéane som allereie er skapte om korleis me kan skape kortreist glede der me bur. LivogLyst Hjelmås har no vore eitt-åring i LivOGLyst. Dette … Fortsett Hurra for ny periode med Liv Og Lyst på 5915!
Kortreist glede og middag med refleksvest!
Årets sprekaste middagsfest, kortreist glede og tverrbygdeleg moro – Tour de Hjelmås – slo an hjå både vertar og gjestar ein mørk novemberkveld. Det kan godt henda at vandrande matfestival på 5915 er komen for å bli, skal ein dømma etter responsen frå gjestar og vertar. Fire hus med vertar stilte opp for over 40 sirkulerande … Fortsett Kortreist glede og middag med refleksvest!
Minnerik Liv og Lyst-kveld i naustet på Mundal
Heile 35 sambygdingar i alderen 12 til 84 år samla seg til ein kulturell Liv og Lyst-kveld i naustet til Øystein Angelskår. Folk vart losa vel over vegen i oktober-mørkret av Gunnar Angelskår og Lars Alvær Hagesæter, og jamvel politiet måtte stå stille og vente for å sikre at folk kom seg trygt over vegen og ned i … Fortsett Minnerik Liv og Lyst-kveld i naustet på Mundal
Kreativt kveldsmåltid med liv og lyst
Bygdelaget samla folk til eit kveldsmåltid i Steinarstova for å følgja opp Liv og Lyst-samlinga me hadde før sommaren. No skal idéar settast ut i live! Først og fremst blir det kultur og fiskesuppe i naustet til Øystein Angelskår 17. oktober. Deretter blir det ein vandrande matfestival 3. november der me går frå hus til … Fortsett Kreativt kveldsmåltid med liv og lyst