Med liv og lyst skal me 10. september kl 19 gå laus på handlingsplanane som bygdefoklet lagde før sommaren. Berekraftig bygd, turløyper, bygdelagskafe, nubbesildfestival – dette er berre nokre få av forslaga som kom på veggen då me inviterte til idedugnad. Denne kvelden fokuserer me på berekraftig bygd og naturglede, og tek gjerne i mot … Fortsett Kjem du den 10. september?
Frå opera til hip hop på jubileumskonserten
Bygda viste fram talenta sine på beste vis under eittårs-jubileumskonserten til Storstova. 10. juni Først ut var Hjelmås mannskor som sjarmerte publikum i senk med sine songar og ablegøyer. Dei nytta også høvet på ny til å takka dirigent Åse Hagesæter for 15 herlege år. Og så fekk me oppleva Elida Hatlevik framføra MGP jr … Fortsett Frå opera til hip hop på jubileumskonserten
Vil du spele i skulekorps?
Knarvik skulekorps skal snart ta opp nye aspirantar, og vi inviterer alle frå 3. klasse (dei som startar i 3. klasse hausten 2018) og oppover til å bli med på aspirantkurs frå hausten 2018. Her lærer du notar og du får eige instrument som du har med deg heim. Det å spele i korps er gøy … Fortsett Vil du spele i skulekorps?
Jubileumskonsert i Storstova 10 juni!
Er det mulig? Ja det er det. Me har allereie hatt Storstova vår i eitt år! Alle hugsar den fabelaktige opningsdagen - no feirar me det første året med ein variert konsert. Konserten er til inntekt for lydanlegg og flygel, det er store investeringar som bygda har gjort for å gjera Storstova attraktiv å bruka … Fortsett Jubileumskonsert i Storstova 10 juni!
Flott feiring på 17. mai
17. mai-feiringa på Leiknes skule samla ei fullsatt Storstova, med kjekke aktivitetar både inne og ute. Årets sambygding vart kåra, og den flittigaste Gladihaug-gjesten fekk sin pokal. Eit imponerande dugnadsarbeid vart nok ein gong levert av ein travel 17. mai-komité, og veret viste seg frå si beste side. Dei mange aktivitetane holdt store og små … Fortsett Flott feiring på 17. mai