Bli med på årsmøte med noko attåt! Kari Natland frå Nordhordland biosfæreområde kjem og fortel om Unesco-prosjektet i Nordhordland, og om korleis me kan delta frå grasrota for å bli ei «berekraftig bygd» viss me vil. Det blir også markering av namn til Steinarstova, til minne om Steinar Angelskår. Me har kvelds og sosialt samver, og vanlege … Fortsett Årsmøte, kvelds og biosfæreprosjektet 11. mars
Kven blir årets sambygding? Kom med forslag!
Har du forslag til kven som bør kårast til årets sambygding på 5915? Send ditt forslag til styret i Bygdelaget. Statuttane for tildelinga av denne prisen finn du nedanfor. Prisen vert overrekt 17. mai. Forslag med kort grunngjeving kan sendast på epost til bygdelaget, post@5915.no innan 30. mars. I 2018 gjekk prisen til styret for Hjelmås Handelslag, … Fortsett Kven blir årets sambygding? Kom med forslag!
Bli med på sildeeventyr i februar!
No er silda på veg, og eit nyleg prøvefiske lova godt! Neste fullmåne er 19. februar, då er det den rette tida for å hausta or havet. Viss du vil vera med på neste sildefiske, eller berre læra deg å prekevera sild, er du hjarteleg velkomen. Fisket blir ein dag i veke 8 - vêret … Fortsett Bli med på sildeeventyr i februar!
Ungdommens kulturmønstring til Storstova
9. mars blir det storfint besøk i Storstova, når Ungdommens Kulturmønstring 2019 (UKM) i Nordhordland brakar laus. Både deltakarar og publikum er hjarteleg velkomne! Kva er UKM? «Ønsker du å skape noe, møte likesinnede og utvikle talentet ditt? UKM er en møteplass for ungdom og kultur, der vi skaper noe sammen. Her kan du vise … Fortsett Ungdommens kulturmønstring til Storstova
Hjelmås mannskor ønskjer fleire medlemmer!
Me er ein glad gjeng på 25 mannfolk når alle er tilstades. Denne hausten har me fått ny dirigent, Helge Riise er dyktig og inspirerande, og me heldt no på å øve inn nytt repertoar - sjømannsviser, balladar og eviggrøne melodiar frå pop -og jazzverda. Dette skal enda opp i ei jubileumsframsyning til våren då koret … Fortsett Hjelmås mannskor ønskjer fleire medlemmer!