No er silda på veg, og eit nyleg prøvefiske lova godt! Neste fullmåne er 19. februar, då er det den rette tida for å hausta or havet. Viss du vil vera med på neste sildefiske, eller berre læra deg å prekevera sild, er du hjarteleg velkomen.
Fisket blir ein dag i veke 8 – vêret avgjer eksakt dag, så følg med på Facebooksida til Bygdelaget, eller ring Øystein på telefon : 97581083, eller Inger Helen på telefon: 45232052. Så kan du vere med på heile prosessen både å setja garn og trekkja.
Når silda er komen på land er den klar til «prekevering». Då kan alle vera med, også dei som ikkje har delteke på fisket. Me sløyer og reingjer mengder med sild klar til «saltlakebad». Så røyker me silda i eit passeleg tal til kvar og ein å ha med seg heim, og til å dela med fellesskapet. Dersom det er nok sild kan folk ta med seg til steikesild eller for speking – spekesild!
Dagsplan for prekeveringsdagen i veke 8:
Oppstart frå kl 1030: Prekevering av sild.
Matøkt frå kl. 1230: Samling i og utanfor naustet der me nyt eit betre måltid med steikt sild og rogn, poteter og flatbrød.
Og ikkje nok med det – med silda som me har lagt i lake så kjem resultatet i mai:
Ein lubbesildfestival når gauken gjel. Festivalen kjem me attende til, men dei som har vore med på hausting og prekevering og alle de andre kan gle dykk.
Tilbake til prekeveringa i februar:
Det er berre å møta opp, inga påmelding! Ta med kniv, hanskar, plastpose og godt humør. Det viktigaste er det sosiale og «gode historier!»
Det vert dikt og musikk med sildeeventyret som tema. «Veteranane» frå fisket i fjor syter for opplæring for alle som ønskjer å læra seg å laga til silda.
Stad:
Mundalstø, naustet til Øystein Angelskår
Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Bygdelaget 5915 ved Inger Helen tlf 45232052 eller Øystein 97581083