Staseleg feiring av syngande 15-åring

Hjelmås mannskor markerte sine første 15 år med jubileumsfest i Strilatun.

Standsmessig, kring runde bord med kvite dukar, og med servitørar frå Seim vart gjestane bydd på middag, korsong frå både Hjelmås mannskor og gjestane frå Albatross. Dessert, kaffi og jubileumskake høyrde også med. Og til slutt dans til kjende låtar, og fullt dansesegolv.

Reidar Konglevol, leiar i mannskoret, batt programmet saman som eventyrforteljar. Ja, for Hjelmås mannskor er eit lite eventyr. Om prinsessa – Åse Hagesæter – som lærte dei å syngja, om alle dei åra og alle dei sjarmerande stundene som har vore i karrieren deira, og no om prinsen -Helge Riise – som no har overtatt taktstokken.

Og Hjelmås mannskor har meir på lager! 7. april heldt det eventyrlege livet til Hjelmås mannskor fram med konsert i Storstova. Du kjem vel?