Liv og Lyst-kvelds, Steinar til minne og biosfære-inspirasjon

Ein fin gjeng var samla rundt kveldsbordet då bygdelaget inviterte til høgtideleg opning av Steinarstova og eit inspirerande foredrag om biosfære-satsinga i Nordhordland.

Om ikkje lenge kan Nordhordland, som første region i Noreg, få status som såkalla biosfæreområde i UNESCO. Dette kom Kari Natland frå Regionrådet for å fortelja oss om. Ho la vekt på at alle lokalsamfunn i Nordhordland kan bidra med enkle og gode tiltak for berekraftig utvikling, og at det er opp til innbyggjarane sjølve å sjå korleis det kan gjerast . Gjennom eit nettverk internt i regionen og mellom biosfæreområde internasjonalt kan våre lokalsamfunn stå i spissen for tiltak og haldningar som er med på å forvalta ressursane våre på ein god måte.

Kva er eit biosfæreområde?
I biosfæreområda skal ein bygga på det beste frå fortida og på kunnskap ein har i dag. Målet er å finna gode berekraftige løysingar på utfordringar, og på best mogeleg måte levera området vidare til komande generasjonar.

Biosfæreområda sitt viktigaste verkemiddel er dialog mellom ulike aktørar i lokalsamfunna. Mange biosfæreområde er dyktige til å fremje lokal identitet og produkt, noko som bidrar til større merksemd kring staden sine ressursar, næringsutviklinga og at innbyggjarane vert meir stolte over sitt område, ifølge Natland.
Les meir på regionrådet sine sider

Sjå video om kva eit biosfæreområde er

Til minne om Steinar
Dette var også kvelden for å markera at «sosialrommet» i Storstova hadde fått sitt eige, lokale namn. Under ei namnetevling i fjor kom det inn mange gode forslag, og det som vann fram var «Steinarstova», oppkalla etter Steinar Angelskår som omkom i ei arbeidsulukke i ung alder. Han hadde eit stort engasjement for bygda og var ein pådrivar i mange aktivitetar både i bygde- og lagsliv, og ein person som mange sette stor pris på. Både familie og vener var tilstades for å heindra minnet hans denne kvelden. Far til Steinar, Øystein Angelskår, takka for at Steinar vart minna på denne måten.

Kvelden vart avslutta med årsmøte
Styresamansettinga er no slik:

Inger Helen Midtgård (leiar, 2 år), Osvald Fyllingen (2 år), Gunnar Angelskår (1 år), Ronny Fremstad (1 år), Elin F. Styve (2 år) og Wenche Merete Grønnevik (vara, 2 år)

Lars Alvær Hagesæter vart takka av etter mange års innsats for bygdelaget, og kunne forlata årsmøtet som ein fri mann.

Valkomite er Arnhild Haugland (1 år), Cathrine Gangstø (2 år) og Kjell Synnevåg (2 år)