Årets sambygding 2019 Christine Westervik. Ho vart tildelt prisen på 17.-mai arrangementet på Leiknes skule.
Prisvinnaren Christine Westervik (t.h) saman med leiar i Bygdelaget 5915, Inger Helen Midtgård.
Juryen seier:
Årets sambygding er ein person som gjennom heile oppveksten og i vaksen alder har gjort ein formidabel innsats for å skapa aktivitet, samhald, glede og trivsel. Prisvinnaren sine bidrag til bygda har spesielt gleda barn og unge i ei årrekkje, og mange har fått utvikla talenta sine på arenaer som er tilrettelagt og drivne av prisvinnaren.
Det verkar som om ingenting er umogleg for årets sambygding, nye utfordringar og påfunn blir møtt med humør og pågangsmot. Me lurar også ofte på kor prisvinnaren tek overskotet sitt i frå, då personen har ein finger med i nesten alt som skjer i bygda.
Prisvinnaren har i mange år vore aktiv i Ungdomslaget Heimhug, både som styremedlem og leiar. I desse rollene har ho vore med på å arrangera alt frå revy til pubkveldar, Tour de Sandvikadalen, leikarring, sumardag på kaien og andre kjekke bygdeaktivitetar.
Årets sambygding er også aktiv i Hjelmåsrevyen, ho er ein dyktig skodespelar og tekstskrivar og har gjeve publikum mange, herlege og uforgløymelege opplevingar.
Barneteater og hip hop-kurs har også rulla og gått over fleire år med prisvinnaren i spissen. Ho har vore ein god rollemodell og eit sterkt førebilete for yngre sambygdingar. Det gror i spora etter henne, neste generasjon viser ansvar og tek opp arven, blant anna som hip hop-instruktørar.
I fjor kom ein liten gjeng av dei eldste hip-hop jentene i bygda med i SoulSessionCommunity, ein nasjonal satsing på hip-hop. Dei unge lovande fekk instruksjon av landets beste hip-hop instruktørar i eit halvt år, og avslutta med ei vekes danseleir i Oslo. Prisvinnaren var den som søkte, organiserte og fekk det heile til.
Prisvinnaren Christine Westervik er ei eldsjel av dei sjeldne, og dei som kjenner henne godt meiner kanskje at ho altfor sjeldan seier nei. Juryen trur at hennar store engasjement botnar i rein og ekte omtanke for bygda og dei som bur her, og at ho finn stor glede i å yta til beste for fellesskapet og skapa eit godt og trygt miljø i si eiga heimbygd.
Juryen meiner at folk i bygda skal vera takksame for å ha ein ressurs som Christine i blant oss, og det er ei ære å tildela henne tittelen Årets sambygding 2019!