Eit sildeeventyr

Torsdag morgon, like etter fullmånen kvelden før, tok dei ut på sildefiske i ein våg i Osterfjorden som berre Øystein Angelskår visste om. Med seg hadde han Per Hagesæter og Olav Luggenes. Det var yr og skodde i lufta, men fjorden var flat og fin.

Dei kom fram til sildagarnet som Øystein hadde ståande ute i den hemmelege vågen. Skal tru kor mykje det var å plukka opp i dag? Rundt rekna 40 sild kunne dei plukka ut av garnet. Så bar det innover att til Mundalstø og naustet til han Øystein. Der bløgga dei silda og gjorde ho klar til prekevering. Så var det tid til ein kaffikopp før alle kom for å vere med på prekevering.

Etter kvart kom folket sigande. Øystein, Torleif og eit par andre røynde sildefiskarar var gode instruktørar for dei som var nybyrjarar på denne fronten. Dei måtte sløye og vaske silda godt, og skjere vekk buklappane slik at ikkje silda skulle lukke seg under røyking. Røyken måtte nemleg komme godt til inni fisken.

Etterpå vart det god mat å få servert inni naustet. Det var fiskesuppe til forrett, steikt rogn til hovudrett og steikt sild og pota til dessert. Skikkeleg husmannskost altså. Dette til både diktlesing, visesang og motordunk presentert av Øystein. Ivar Medaas med sildefikse på Doggerbank og Ausekarane – begge akkompagnert til lydar frå gamle Rubben semi-diesel og andre nostalgiske lydar frå dei gamle fjordabåtane.

Litt av ein dag for dei som var med – og i mai vert det lubbesildfestival, som bygdefolket kan sjå fram til!

Alle foto: Trygve Mjøs