Årsmøte, kvelds og biosfæreprosjektet 11. mars

Bli med på årsmøte med noko attåt! Kari Natland frå Nordhordland biosfæreområde kjem og fortel om Unesco-prosjektet i Nordhordland, og om korleis me kan delta frå grasrota for å bli ei «berekraftig bygd» viss me vil.

Det blir også markering av namn til Steinarstova, til minne om  Steinar Angelskår.
Me har kvelds og sosialt samver, og vanlege årsmøtesaker.

Velkomen!

Tid og stad: Storstova (Steinarstova i underetasjen) 11. mars kl 19-21.

Årsmøtet begynner med biosfære-foredrag. Nordhordland kan bli Unesco sitt første biosfærområde i Noreg, og 5915 kan vera med.