I året 2018 er det tre personar som som har teke turen til Gladihaug og skrive namnet sitt i gjesteboka samtlege dagar i året - og alle tre fekk pokal på 17. mai-arrangementet på Leiknes skule. Den yngste pokalvinnaren, Markus Hopsdal (t.v på biletet) er tre månader yngre enn nestemann, Tomas Fjellstad. Begge fylte 17 … Fortsett Imponerande tur-iver til Gladihaug
Christine er årets sambygding!
Årets sambygding 2019 Christine Westervik. Ho vart tildelt prisen på 17.-mai arrangementet på Leiknes skule. Prisvinnaren Christine Westervik (t.h) saman med leiar i Bygdelaget 5915, Inger Helen Midtgård. Juryen seier: Årets sambygding er ein person som gjennom heile oppveksten og i vaksen alder har gjort ein formidabel innsats for å skapa aktivitet, samhald, glede og trivsel. … Fortsett Christine er årets sambygding!
Liv og Lyst-kvelds, Steinar til minne og biosfære-inspirasjon
Ein fin gjeng var samla rundt kveldsbordet då bygdelaget inviterte til høgtideleg opning av Steinarstova og eit inspirerande foredrag om biosfære-satsinga i Nordhordland. Om ikkje lenge kan Nordhordland, som første region i Noreg, få status som såkalla biosfæreområde i UNESCO. Dette kom Kari Natland frå Regionrådet for å fortelja oss om. Ho la vekt på … Fortsett Liv og Lyst-kvelds, Steinar til minne og biosfære-inspirasjon
Staseleg feiring av syngande 15-åring
Hjelmås mannskor markerte sine første 15 år med jubileumsfest i Strilatun. Standsmessig, kring runde bord med kvite dukar, og med servitørar frå Seim vart gjestane bydd på middag, korsong frå både Hjelmås mannskor og gjestane frå Albatross. Dessert, kaffi og jubileumskake høyrde også med. Og til slutt dans til kjende låtar, og fullt dansesegolv. Reidar … Fortsett Staseleg feiring av syngande 15-åring
Eit sildeeventyr
Torsdag morgon, like etter fullmånen kvelden før, tok dei ut på sildefiske i ein våg i Osterfjorden som berre Øystein Angelskår visste om. Med seg hadde han Per Hagesæter og Olav Luggenes. Det var yr og skodde i lufta, men fjorden var flat og fin. Dei kom fram til sildagarnet som Øystein hadde ståande ute … Fortsett Eit sildeeventyr