Årets sprekaste middagsfest, kortreist glede og tverrbygdeleg moro – Tour de Hjelmås – blir arrangert igjen 9. november. Fjorårets arrangement var så velkoment at Bygdelaget 5915 satsar igjen. Me møtest kl 1730 ved Eknes karosseri (der julegrana pleier å stå) for ein velkomstdrink, der vertshusa blir presenterte. Deretter går me i grupper på 8-10 personar frå … Fortsett Vandrande matfestival 9. november – du er invitert!
Knalldag på Hjelmåskaien!
Familiedagen på Hjelmåskaien 7. september vart ein stor suksess! Etter dagevis med regn skein sola opp som bestilt, og store og små var ikkje seine om å koma seg ut i fineveret. Båten «Smykkeskrinet» kom tøffande inn med både sjørøvarar og ein litt brisen Kaptein Midtfjords og opna festen, sidan gjekk det slag i slag … Fortsett Knalldag på Hjelmåskaien!
Gode sambygding!
Bygdelaget 5915 treng medlemmar for å oppretthalda drift og aktivitet. Me håpar difor at flest mogleg vil støtta arbeidet vårt ved å betala ein årleg kontingent. Pengane går blant anna til å skapa og marknadsføra felles møteplassar, og arrangement, finansiera utmerkingar som Gladihaugpokalen og Årets sambygding, nettside, innkjøp av felles utstyr, og andre aktivitetar som … Fortsett Gode sambygding!
Familiedag og fiskekonkurranse på kaien 7. september!
Bli med på seinsommarfest der me feirar Hjelmås Handelslag sitt 120-års jubileum – gratis kaffi og kaker til alle, grilling, fiskekonkurranse, leikar for store og små og mykje moro. Tid: 12-16 Påmelding til fiskekonkurranse frå kl 11 til 12, kåring av største, minste og styggaste fisk. Deltakaravgift 50 kroner. Ansiktsmaling, styltekonkurranse, hesteskokasting mm. Kl 1200: … Fortsett Familiedag og fiskekonkurranse på kaien 7. september!
Stor suksess for lubbesildfestivalen!
Siste lørdag i mai braka det laus med historias første lubbesildfestival i naustet til Øystein og Marit Angelskår i Mundalstø. Festivalen var godt førebudd då ein fin gjeng med bygdefolk var med på sildefiske og prekevering i februar for å gjere maten klar. Og mange fleire hadde gjort ein stor dugnadsinnsats for å få festivalen … Fortsett Stor suksess for lubbesildfestivalen!