Årets sprekaste middagsfest, kortreist glede og tverrbygdeleg moro – Tour de Hjelmås – blir arrangert igjen 9. november.
Fjorårets arrangement var så velkoment at Bygdelaget 5915 satsar igjen. Me møtest kl 1730 ved Eknes karosseri (der julegrana pleier å stå) for ein velkomstdrink, der vertshusa blir presenterte. Deretter går me i grupper på 8-10 personar frå hus til hus for en 3-retters meny.
Gruppene miksast undervegs med kjente og ukjente naboar frå heile bygda.
Forrett, hovudrett og dessert med drikke blir servert i ulike vertshus, og alt er inkludert.
Uformell jazz-pub i Helleåsen til slutt, der DJ Monk er i storslag.
Hugs: Ein framand er ein ven du ikkje kjenner!
Bindande påmelding med betaling på 350 kr. pr. person helst seinast 20. oktober (NB: Fortsatt plassar – me heldt skjemaet ope for påmelding også nokre dagar etter den 20. okt.)
Har du spørsmål kontakt 915 38 429.
Les saka frå matfestivalen i 2018 her.
Matfestivalen er eit tiltak i Liv og Lyst-prosjektet som bygdelaget er med i, der noko av formålet er å integrera nyinnflytta innbyggjarar med dei som har budd her lenge, slik at me blir kjende og i lag samarbeider om å skapa eit godt miljø her me bur.