5915-folket har talt: Kollektivtransporten må bli betre!

Innbyggjarane på 5915 ønskjer seg eit betre kollektivtilbod til og frå Knarvik og Bergen. Ikkje minst aktualiserer dette seg no som det skal betalast meir bompengar.

Bygdelaget 5915 spurte kva folk var mest opptekne av, og korleis dei vil karakterisera tilbodet opp mot behovet slik dei ser det. Høgast på ønskelista står fleire avgangar om ettermiddagane og kveldane, og ein effektiv korrespondanse med båt og buss til Bergen.

I haust er rutene endra slik at ettermiddagsbåten frå Bergen ikkje «når» bussen til Hjelmås/Leknes i 16-tida. Dette er ei merkbar forverring og skaper mykje frustrasjon, og får folk til å droppa både båten og bussen. I tillegg saknar innbyggjarane høve til å bruka kollektivtransport til og frå faste og uorganiserte aktivitetar ettermiddag og kveld.

43 personar svarte på spørsmåla som bygdelaget stilte. Av desse fortalte over 67 prosent at dei hadde behov for kollektivtilbod mellom 5915 og Knarvik to gongar eller meir kvar virkedag. 14 prosent svarte at dei trong det mest i helgene.

På spørsmål om behov for kollektivtransport mellom 5915 og Bergen svara 37,3 prosent at dei trong transport to gongar eller meir kvar virkedag. 37,2 prosent svara at behovet var størst i helgene.

Frå Hjelmås/Leknes til Knarvik melder dei fleste (32 prosent) at dei har størst behov mellom 17 og 20, medan 27 prosent melder størst behov mellom 07 og 08. Resten av svara fordeler seg på litt ulike tidspunkt.

Frå Knarvik til Hjelmås/Leknes melder 23 prosent at dei helst vil ta buss mellom 16 og 17, og 25 prosent seier at dei vil reisa heim frå Knarvik mellom kl 22 og midnatt.

Kva tykkjer folk er viktigast?

Dette er ein peikepinn på folkemeininga – det er sjølvsagt ikkje mogleg å trekka statistiske sanningar ut av ei spørreundersøking gjort på denne måten. Det er likevel grunn til å tru at mange av svara representerer fleire enn dei 43 personane som har svara, mange av tilbakemeldingane tyder på at kollektivtransport-behovet gjeld for heile husstandar og såleis mange fleire enn dei 43 respondentane. Difor kan det vel så gjerne vera verdt å merka seg innhaldet i kommentarane på dei opne spørsmåla som vart stilte, for å vurdera kvar skoen trykker. Under følgjer nokre av spørsmåla, og dei fleste svara – nokre er oppsummerte ut frå at dei likna kvarandre og at mange var opptekne av det same, andre er direkte sitat frå respondentane.

Frå undersøkinga

Spørsmål:
Kva er det som fungerer dårlegast for deg med rutene slik dei er i dag?

Hovudtrekk i svara:
Manglande korrespondanse med båt til og frå Bergen
Manglande korrespondanse med buss til og frå Bergen
Manglande tilbud om kvelden
Tilbodet frå Bergen
Tilbodet til og frå trening (barn og vaksne)
Fungerer svært dårlig i helgene
For få avgangar.

Utsagn (som svar på spørsmålet):
«Få bussar om Apalen»
«Kan ikke basere en bytur på kollektivtransport da jeg ikke kommer meg hjem igjen.»
«Umulig å komme seg hjem med buss. Går ikke buss på nødvendig tidspunkt (Kveld/natt)»
«Det går ingen buss til Leiknes etter 21»
«Bussar går for sjeldan»
«Vi har måttet kutte fritidsaktiviteter pga det dårlige tilbudet.»
«Det fungerer dårlig med korrespondanse fra Alversund til Leknes mellom 11 og 12. Det fungerer dårlig å ta bussen hjem fra Frekhaug, Knarvik og Bergen på kveldstid både hverdag og helg.»
«Buss frå Knarvik går før 16 nå, fungerer dårlig»
«Veldig dårlig busstilbud på kveldstid i helgene»
«Bussen korresponderer ikkje med hurtigbåten lenger (båten går 15:30 fra Bergen). Må vente i ein time i Knarvik på neste buss fordi bussen gikk for 10-15 min sidan. Det gjekk tidligare ein buss 16.06 men i høst vart den flytta til 15:55. Veldig upraktisk når båten er i Knarvik ca 16:05. I tillegg: NPR skulen startar seint så er det lite (ingen) buss mellom kl.09 og11.»
«Trenger flere busser hele dagen.»
«Ettermiddag og helg»
«Ønsker mulighet å levere unge i barnehage og ta bussen til Knarvik for å ta ekspressbussen kl 07:45»
«Buss frå Knarvik»
«For mange bytter og lang reisetid. Derfor blir ikke kollektiv tilbudet brukt.»
«Jeg tar båt hver dag etter skolen sånn at jeg er i knarvik 16.00, men da går D ingen buss fra knarvik og hjem til Leknes, det er det største problemet. Noen dager begynner eg sånn at eg trenger å ta en buss som går fra Leknes til knarvik kl 10, men det fins ikkje.»
«Lite til ingen buss fra Knarvik etter kl 18.»

Spørsmål:
Kva er det som fungerer best for deg med rutene slik dei er i dag?

Hovudtrekk i svara:
Skulebussane
Om morgonen
Bil

Spørsmål:
Viss du fekk velja, kva er det viktigaste for deg å oppnå når me kontaktar Skyss om ønske for kollektivtransporten til og frå 5915?

Hovudtrekk i svara:
Setta buss frå Hjelmås i samanheng med alle avgangar for båten til Bergen
Fleire avgangar pr. dag, og seinare avgangar frå Knarvik.
Fleire avgangar i helgene og etter kl 18.
Betre ettermiddagstilbud
Kveld- og nattbuss i helgene.

Utsagn (som svar på spørsmålet):
«Senere avgang fra Bergen på nattbuss. Ca 03:15 og videre buss fra Knarvik til Osteriedet»
«At ungdommer kan komme seg tom trening og sosiale aktiviteter om kveldene.»
«Betre skulebuss til Ostereidet»
«Å gi et fullstendig bilde av totalt fravær av og mangel på transport dersom man jobber annerledes enn 8-16, og for ungdom som vil på aktiviteter i Bergen (kino/konserter) er det umulig å komme seg hjem om kvelden, og umulig å komme seg til byn om kvelden. Å ta buss til/fra Bergen fra 5915 innebærer at vi som reisende må hentes på skysstasjon i Knarvik, eller overnatte i byn fordi vi ikke kommer oss hjem (eller overnatte hos venner i Knarvik). Der står det 5-10 biler og venter hver kveld. Nå som bompenger blir aktuelt ved Mundalstunnel er det hårreisende å se det tragiske busstilbudet vedvarer. Kollektiv transport er topp, men det er skammelig å se hvor nedprioritert tilbudet er og har vært utover mot 5915. Jeg har klagd til Skyss mange ganger, men ikke oppnådd noe. Flott at dette blir satt fokus på og håper at en samlet oversikt vil kunne føre til forandring!»
«At det skal gå fleire busser via Sandvikadalen»
«Flere busser som gjør det mulig å dra ut i helgene uten å måtte trenge sjåfør. Nattbuss»
«Få buss frå Knarvik seinare enn 20.30. Fram til kl 22 hadde vore veldig bra»
«Å få et godt tilbud, hele uken gjennom slik at det er mulig å fortsette å bo her ute også uten bil.»
«Få busstopp tilbud tilbake til beboere på Hopsdal!»
«Flere kveldsavganger til Leknes.»
«Buss frå Knarvik 16.30»
«Korrespondanse fra Knarvik for busser som kommer fra Bergen»
«Bussen som går 15:55 frå Knarvik bør bli flytta til 16.06. (For å passe med 15:30 båten fra Bergen)»
«Korrespondanse mellom buss og båt»
«Fleire busstilbod innover i Sandvikadalen og ellers langs E39»
«Oftere buss hele dagen, slik at man har flere tilbud og kan evt handle på vei hjem. Dette er enda mer aktuelt når bompengeløsningen begynner i Mundalsberget. Da må man også kunne reise til Knarvik og tilbake med buss i løpet av 90 minutter, slik at man kan handle uten å løse ny billett også om lørdagen. Det blir dyrt å måtte betale dobbelt med bompenger for å kjøre til Knarvik til lege, tannlege, kiropraktor og fysioterapeut.
Hvis det gikk en buss fra Leknes til Knarvik i 10 tiden på morgenen, og en buss fra knarvik til Leknes i 16 tiden, hadde hverdagene mine gått opp. Og det har ganske mye å si i og med at jeg må vente i en time på neste buss.»
«Minst en buss i timen mellom 15-18 fra 5915 og minst en buss i timen mellom 17 og 21 til 5915.»
«Buss til Leiknes etter arrangement i byen – fra byen ca 22.30.»

Vegen vidare
Bygdelaget 5915 tek dette opp med Skyss og Alver kommune og håpar på ein god dialog om korleis i alle fall nokre av dei mange ønska om forbetringar i kollektivtilbodet vårt kan løysast.

busskilt