Stor hyllest til filmfamilien frå Hjelmås

Ståplassar og ekstrastolar måtte til då folk gjekk mann av huse for å hylla filmfamilien Sandberg under innviinga av Sandbergsalen i Storstova. Publikum fekk også eit rørande gjensyn på lerretet med folk, dyr og Hjelmås-natur frå tidlegare tider.

sandberg

Haakon (no død) og Liv Sandberg saman med sonen Øyvind og hans son August (arkivbilete, foto: Silje Alvsaker). Dette biletet heng no i Sandbergsalen, i lag med mange andre fine bilete frå filmane til Sandberg-familien.

Sverre, Karin, Per, Kristin, August og Øyvind Sandberg var sjølvsagt heidersgjestar då Sandbergsalen vart opna. Far og son Øyvind og August «avsløyfa» det flotte biletet av tre generasjonar Sandberg som no heng i stort format i salen. I tillegg til filmframsyning under August si kyndige leiing, fekk me små fortellingar om livet som skodespelarar og filmskaparar frå Øyvind, Kristin og Per. Og sjølvsagt vart opninga feira med Liv og Lyst-kvelds og ei kjempeflott filmkake!

Filmane til Sandbergfamilien har i generasjonar betydd mykje for lokalsamfunnet på Hjelmås. Dei lokale har vore både statistar og hovudpersonar. Mange utanfor bygda har festa seg ved den fine naturen, forteljingane og menneska som er portretterte, og bygdefolket er med rette stolte over dei flotte produksjonane som er gjort her gjennom tidene.

Tvillingane Haakon og Sverre Sandberg, født 1924, etablerte filmselskapet Svekon Film i 1948, og blei pionerar innan film på Vestlandet. Dei to hadde sitt barndoms hytteparadis på Hjelmås, og har vore der alle sine somrar. Seinare kom Haakon sin ektefelle, Liv Sandberg med i selskapet.

Dei har produsert ei lang rekkje filmar i sjanger dokumentar, skulefilm og barnefilm. Fleire er filma på Hjelmås. Dei har gjort eit stort arbeid med å dokumentera daglegliv i Bergen alle år frå 1960 til 1990. Dette er blitt ein by- og kulturhistorisk skattkiste som knapt kan vurderast høgt nok.

Svekon Film slo ettertrykkeleg igjennom då dei endeleg nådde fram i NRK. Det skjedde i Barne-TV med filmen “Gråpus som forsvant”, og familieserien “To hus tett i tett”, ein heilhjarta hyllest til familiefellesskap, samhald og kontakt mellom generasjonane. Serien fann også vegen ut over landegrensene og blei løna med fleire internasjonale prisar.

Øyvind Sandberg er son av Haakon og Liv Sandberg, og starta sitt eige filmselskap Øy-Film i 1990, med adresse Hjelmås. Han har tatt opp familietradisjonen, og laga dokumentarar og barnefilm. Øyvind har regissert og produsert ei rekkje prisløna kort- og dokumentarfilmar dei siste 25 åra, og filmane hans er selt til alle verdsdelar.

Dokumentarfilmane er for det meste portrett. Kinodokumentarane “Folk ved fjorden”, “Kabal i hjerter” og “Å seile sin egen sjø” fekk eit stort publikum. “Kabal i hjerter” blei også vist på kino i dei 100 største byane i Tyskland. Den fekk Gullruten for beste dokumentar 2007. “Folk ved fjorden” gjekk eit heilt år på Bergen Kino, og fekk Amandastatuett for beste dokumentarfilm 2012.

Fleire andre i familien har stått for enkeltproduksjonar. Det gjeldt Sverre sin ektefelle Karin Sandberg, og deira dotter Kristin Sandberg. Også Øyvind sin son, August Botne Sandberg, har valt film som fag. Denne haustkvelden i oktober stod altså i heile familien Sandberg sitt teikn då bygda samla seg til ei feiring av dei.