Månen lyste over dei godt kledde middagsgjestane som vandra frå hus til hus for å forsyna seg med deilige treretters måltid denne lørdagen i november.
Mange av deltakarane var også med sist år, så det betyr at arrangementet i fjor bokstavelegt tala gav meirsmak. Men også nye gjestar kom til i år, og dermed vart nye venskapsband knytt. Med Liv og Lyst som ramme vil Bygdelaget 5915 skapa nye møteplassar for folk, og kva er då betre enn å samlast rundt eit godt måltid med folk ein kanskje har sett før, men ikkje kjenner?
Dei i alt 31 gjestane fordelte seg i grupper på fire hus der dei åt ein rett i eitt hus før dei forflytta seg vidare til eit nytt hus for neste rett. Undervegs vart også gruppene miksa etter ein fast plan, slik at ein fekk dela bord med flest mogleg nye ansikt i kvart hus.
På menyen stod forrettar som thaisuppe, reker og avocado, og pasta med trompetsopp og bacon. Til hovudrettar vart det servert boauf bourgugugnon, lammeskank ala Marokko, hjortegryte og konfitert and med fløtepoteter. Det heile vart toppa med deilige dessertar som sjokolademousse, panacotta m bringebær, og kryddereple med is. Men som mange av gjestane understreka – sjølv om maten er kjempegod og spennande, så er det samhaldet me kjem for. Har ein først tatt steget ut på landeveien for å treffa folk ein ikkje kjenner ein kald haustkveld, så er ein klar for å bidra til det sosiale miljøet i bygda. Og då alle deltakarane samla seg til jazzpub, sosialt samvær og ein svingom i Helleåsen etter at alle måltida var fortært, varte festen til uti dei små timar.
Om interessa er til stades og me får nok vertar, så blir det vandrande matfestival neste år også!