Nytt treff tirsdag 26. november!
«Heime på dagtid» – ein ny møteplass! Slik annonserte Bygdelaget 5915 sitt Liv og Lyst-tiltak for dei som vil treffast og bli kjent, og finna på aktivitetar i lag på dagtid. Første treff vart ei fin stund med vårrull-produksjon og godt preik.

F.v.: Wenche Merete Grønnevik, Hege Stokken, Cecilie Eikanger og Agnethe Hermansen er godt nøgd med det første møtet av «Heime på dagtid». – Det var kjempekjekt! Foto: Sunniva Myklebust-Hansen, Nordhordland
Er du av ein eller annan grunn mykje heime på dagtid, når andre du kjenner er på jobb eller skule? «Heime på dagtid» er ein møteplass for dei som vil treffa folk i same situasjon. Det kan kanskje passa for skift- og turnusarbeidande, uføre, mødrer og fedrar i foreldrepermisjon, sjukemelde, arbeidslause og andre som er heime på dagtid, i alder 18 – 70 år.
– Me var ein fin liten gjeng første gongen, og fleire har kontakta meg både før og etter med bod om at dei gjerne skulle ha vore der, men vart forhindra. Difor håpar me at tilbodet er liv laga og at dei som har lyst og anledning er med dei to siste treffa før jul, seier styremedlem i Bygdelaget, Wenche Grønnevik. Ho er også initiativtakar til møteplassen.
Kva for aktivitetar denne møteplassen kan innehalda blir ein samde om etterkvart, og det er opp til deltakarane å koma med forslag. Treffpunktet er gratis.
Neste treff er:
Tysdag 26. november klokka 10.00 – 12.30
Tysdag 28. januar klokka 10.00 – 12.30
Stad: Steinarstova (underetasjen i Storstova på Leknes)
Velkomen!