Bygdelaget sendte tidlegare i haust eit brev til Skyss og til kommunen på bakgrunn av svara i ei undersøking om kva folk på 5915 tykkjer om kollektivtilbodet vårt. Skyss har no svara at dei vil ta innspela våre med til arbeidet med ruteplanlegginga neste haust.
Bygdelaget vil halda tak i saka og framleis be om å få eit møte med Skyss og kommunen i lag, for å understreka kor viktig det er for oss å få eit betre kollektivtilbod no som det kjem bompengar, med vekt på at det ikkje er ønskeleg at folk går og syklar på den farlige vegstrekninga langs E39.
Her kan de lesa svaret frå Skyss:
Til Bygdelaget 5915,
Me vil fyrst og fremst takka for eit samla innspel til eit betre lokalt kollektivtilbod. Det er fint å kunne sjå kva som er viktig for dykk og korleis de vil ha det framover. Skyss forsøker å gje eit godt grunnleggande tilbod til innbyggarane i fylket vårt. Mange ønskjer seg naturleg nok eit betre tilbod enn det ein har i dag.
I område som Hjelmås, Leknes og Ostereidet er kollektivtilbodet lagt opp med bussar som bringer passasjerane frå bygdene og inntil region- og kommunesentra som Knarvik med overgang til regionstamlinjer. Det er slik tilbodet er lagt opp fleire andre plassar i Bergensområdet som har eit tilsvarande trafikkgrunnlag. Vårt strategiske grep for eit godt reisetilbod til/frå regionssentra er oppretting av regionstamlinjer med start- og endehaldeplass Bergen busstasjon med minimum 30 min avgang i høgtrafikk. For å kunne gje eit slikt tilbod er det naudsynt å sikre eit høgt passasjerbelegg ved at lokale linjer korresponderer med regionstamlinja i Knarvik.
Som de påpeiker i brevet gjekk 16:07-avgangen på linje 350 slik at båt-korrespondanse var mogleg. Dårleg framkomeligheit for linje 300 medverka til at ein ikkje rakk korrespondansen med linje 350 16:07. Sidan denne avgangen på linje 350 har andre bytter lenger ut i turen, t.d. til Masfjorden, er det vanskeleg å utsette avreise frå Knarvik ytterligare. Løysinga blei difor å flytte denne avgangen til 15:55 for å sørge for betre korrespondanse med ein tidlegare 300-avgang frå Bergen. Dermed mister ein korrespondanse vidare frå båten, noko som påverkar reisande negativt. Samstundes var passasjertala låge på denne avgangen og ein vel her å prioritere betre korrespondanse med 300-linja. Skyss vil evaluere denne løysinga og vurdere moglege tiltak for ei betre reise både for buss- og båtpassasjerar. Ruteendring skjer i hovudsak kvar haust og vi tar innspela dykkar med til vurdering.
Når det gjeld kveldstilbodet vart det i haust lagt til ein kveldsavgang til/frå Ostereidet på linje 350 med moglegheit for å reise frå Knarvik 19:18 og andre vegen frå Ostereidet 20:15. Dette var tidlegare berre eit tilbod på fredagar. Dette var eit svar på å styrke tilbodet til og frå regionsenteret Knarvik.
Martin Tvedt
Tilbodsutviklar i Skyss