Gøy med romjulscup i Storstova!

Tidenes første Romjulscup på 5915 gjekk av stabelen 27. desember, og heile ti lag deltok .

Folk var ikje seine om å melda seg då Bygdelaget 5915 og UL Heimhug inviterte til Romjulscup, der store og små kunne få litt fart på forbrenninga etter mykje godt i jula.

Om lag 50 spelarar var fordelt over ti lag, og spelte i to puljer. Den yngste spelaren var 14 år, og den eldste 68!  Laget «Hellesneset» vann finalen, og dei tek vare på vandrepokalen til neste år. Laget «Best i vest» frå Vest VVS vann premie for beste kostyme.

Andre fantasifulle namn på laga som var med var blant andre «Ullemi», «Ulledi», «Andreball Gutta» og «Lindaas puckskyvarlag».

Publikum kom innom til og frå gjennom heile arangementet. I styrkerommet var det leikerom for dei minste, og ungdomslaget hadde kiosk i Steinarstova.

– Tilbakemeldingane frå spelarar og publikum var at dette var kjekt, og at folk gjerne vil gjera dette til ein tradisjon, seier styremedlem i Bygdelaget 5915, Ronny Fremstad.

cup2

Hellesneset vann finalen!

cup1

Gutta i «Best i Vest» frå Vest VVS vann premie for beste kostyme.

cup4

cup5

Nokre var publikum, nokre var spelarar og nokre var begge deler.