30 sy- og designglade «bygdeskreddarar» møtte opp då det var duka for tidenes første sy-verkstad i Steinarstova.
Arrangørane var overvelda av oppmøtet, dei visste ikkje på førehand kor mange som ville koma på drop in-tilbodet tirsdag kveld denne veka.
-Nokre av dei som kom hadde klare planar for kva dei skulle gjera undervegs, andre hadde ingen planar, fortel Hilde Alvær Hagesæter. Det var ho som i lag med Sidsel Styve og Kristin Rongevær var primus motor for tiltaket. Mange fekk gode idéar og tips av det dei såg andre gjera, og folk kunne læra av kvarandre.
Eit «berekraftig bygd»-forslag på Liv og Lyst-verkstaden til Bygdelaget 5915 sist vår, var å laga ein aktivitet for saum og redesign. Tirsdag kveld kunne kven som helst koma innom og sy i lag med andre, anten sy om gamle kle, eller laga nye. Bunadsaum, stopping, reparering, design og redesign var også populære aktivitetar. Det kom også ein dyktig og miljøbevisst møbeltapetserer som viste korleis ein kan trekka om ein stol!
Enkelte hadde med seg symaskin, men der var også maskiner og anna utstyr til låns i lokalet.
Deltakarar og arrangørar er samde om at dette var eit både sosialt, kreativt og kjekt arrangement, og det blir to slike verkstader til no i vinter.
Vil du vera med neste gong?
Møt opp til neste verkstad i Steinarstova 28. januar kl 18.30- 21.00!