Knalldag på Hjelmåskaien!

Familiedagen på Hjelmåskaien 7. september vart ein stor suksess! Etter dagevis med regn skein sola opp som bestilt, og store og små var ikkje seine om å koma seg ut i fineveret.

Båten «Smykkeskrinet» kom tøffande inn med både sjørøvarar og ein litt brisen Kaptein Midtfjords og opna festen, sidan gjekk det slag i slag med aktivitetar for heile familien. Både fiskekonkurranse, hesteskokasting, ansiktsmaling, gjetteleikar og andre konkurransar fann stad på ulike stasjonar.

Det var Ungdomslaget Heimhug, Bygdelaget 5915, Hjelmås Handelslag og Handselslagets vener som stod for arrangementet. I år fyller handelslaget heile 120 år, og det var verdt ei feiring. Derfor varta dei opp med gratis kake og kaffi, og ei smakfull kvit dame vart servert av ei vakker kvit dame med Kristin Rongevær under den krøllete parykken. Herlig grillmat stod også på menyen.

Nytt av året var Hjelmåsmeisterskapet i sprint med gummibåt (HMS-løpet), der deltakarane bandt på seg gamle oppblåsbare badedyr eller gummibåtar. Mange kreative konstruksjonar var å sjå, og publikum var flinke til å heia løparane fram.

Arrangementet var ein del av bygda si Liv Og Lyst-satsing, der «kortreist glede» står sentralt. Dette vart både kortreist og veldig moro, der alle aldersgrupper fann noko som passa.

Takk til alle som kom, og til alle som var med på den store bygdedugnaden!