Bygdelaget 5915 treng medlemmar for å oppretthalda drift og aktivitet. Me håpar difor at flest mogleg vil støtta arbeidet vårt ved å betala ein årleg kontingent.
Pengane går blant anna til å skapa og marknadsføra felles møteplassar, og arrangement, finansiera utmerkingar som Gladihaugpokalen og Årets sambygding, nettside, innkjøp av felles utstyr, og andre aktivitetar som skal koma alle i bygda til gode.
Enkeltmedlem: 100 kroner
Husstandsmedlem: 200 kroner
Kontonummer: 3632 56 07771
Vipps til nummer: 127433
Bygdelaget 5915 er eit fellesorgan for bygdene som soknar til Leiknes skuleskrins frå Mundal i sør til Heggernes i nord.
I 2019 vil bygdelaget arbeide for å auka mangfaldet og utvida krinsen av engasjerte innbyggjarar og få til eit breiare fellesskap rundt eksisterande aktivitetar. Me vil også etablere nye aktiviterar etter Liv og Lyst-prinsippet, som er eit prosjekt for bygdeutvikling som me driv i samarbeid med kommunen og Regionalforvaltninga i fylkeskommunen.
Me vil skipa til arrangement saman med andre organisasjonar, lag og engasjerte enkeltpersonar og grupper. Desse aktivitetane er allereie på kalenderen:
Seinsommarfest på hjelmåskaien 7. september
Namnemarkering av Sandbergsalen og liv og lyst-kvelds i Storstova i september
Vandrande matfestival 9. november
Romjulsturnering i Storstova 27. desember
Følg med på Bygdelaget 5915 si facebookside for å sjå kva som skjer, og når!
Me har også forplikta oss til å samla inn pengar og få på plass siste del av Storstoveløftet – bygdedelen av lydanlegg på 315 000 kroner, og resterande sum til å betala flygelet i Storstova.
Støtt bygdelaget – bli medlem!