Familiedag og fiskekonkurranse på kaien 7. september!

Bli med på seinsommarfest der me feirar Hjelmås Handelslag sitt 120-års jubileum – gratis kaffi og kaker til alle, grilling, fiskekonkurranse, leikar for store og små og mykje moro.

Tid: 12-16

Påmelding til fiskekonkurranse frå kl 11 til 12, kåring av største, minste og styggaste fisk. Deltakaravgift 50 kroner.

Ansiktsmaling, styltekonkurranse, hesteskokasting mm.

Kl 1200: Båten Smykkeskrinet kjem seglande inn for fulle segl med sjørøvarar om bord og opnar festen. Hiv og hoi!
Kl 1205: Fiskekonkurranse startar
Kl 1405: Siste innlevering fiskekonkurranse
Kl 1430: Vinnarar av fiskekonkurransen vert kåra

Nytt av året:
Hjelmåsmeisterskapet i sprint med gummibåt (HMS-løpet)!
Finn ein gamal øydelagd gummibåt/oppblåsbart badedyr som du kan hekta på deg. Bruk gjerne gaffatape.
Påbode ustyr: Ha på hjelm og flytevest og valfrie gode sko
Påmelding: Meld deg til start innan kl. 15.00
4 påmeldingsklassar: 1-4 klasse, 5-7 klasse, ungdomsskulealder, vaksne
Forbod:
Det er ikkje lov å stilla med nye badedyr og brukande gummibåtar. Her snakkar me gjenbruk med høg morofaktor.
Løype: I og rundt kaiområdet, passar også for utrente folk!
Hugs: Heiagjeng av nære pårørande og gode vener.
Premie til vinnarane!

kaptein