Siste lørdag i mai braka det laus med historias første lubbesildfestival i naustet til Øystein og Marit Angelskår i Mundalstø.
Festivalen var godt førebudd då ein fin gjeng med bygdefolk var med på sildefiske og prekevering i februar for å gjere maten klar. Og mange fleire hadde gjort ein stor dugnadsinnsats for å få festivalen i stand.
Tema for LivOGLyst i bygda vår er «korleis skape kortreist glede her me bur». Og kortreist glede var det heile kvelden, på både den eine og den andre måten.
Sild frå ein hemmeleg våg, tillaga av lokale krefter. Sursild, sildesalat og fiskesuppe. Heimebakt flatbrød og foccacia gjekk ned hjå dei om lag 60 frammøte.
Kortreist var også underhaldninga. Magnus Hagesæter spelte trekkespel og Kari Hagesæter song. Det unike Eknes munnspelorkester laga god stemning. Trekkspel og toradar og allsong høyrde også med til dei kortreiste gledene me har.
Øystein Angelskår, som den kulturberar han er, fortalte om både matkultur ved prekvering av sild, soga bak «Dar kjem dampen» og andre skoser som då bror hans reiste til sjøs og etter 18 månader ute og kom heim med klokker til fire søsken som varte i akkurat to døgn. Erik Bye med «Vi går om bord» på platespelar og Jakob Sande som syng «Vesle Daniel», høyrer med når me sit i det kulturspekka naustet. Lyden av gamle rubbmotorar kombinert med Ivar Medaas på cd med «Sildefiske på Doggerbank» sette stemning i naustet. Dikt av Arne Bjørndal og Anders Hovden var også ein del av kveldens kortreiste gleder.
Høgtideleg vart også avdukinga av Fylkesmannen i Vestland sitt avslag på utviding av fiskeoppdrettet i Eikjebæråna. Medan kommunen har gløymt å leggja inn viktige dokument i saka, heng no beviset på veggen i naustet. Det er dokumentert og kome i glas og ramme. Avslaget frå Fylkesmannen, og svaret frå Eide fjordbruk om at dei trekkjer utvidingssøknaden vart høgtidleg avduka til stor glede frå dei frammøtte. Her har fleire naboar, Øystein Angelskår sjølv og Bygdelaget 5915, gjeve solide høyringsvar og me kan slå fast: Det nyttar å protestera og kjempa for det me trur på, slik at Osterfjorden framleis kan nyttast til matauk og vera til glede for oss som bur her!
Kvelden vart avslutta med heimelaga «fyrverkeri», til stor glede for alle dei frammøtte i kulturnaustet i Mundalstø.
Sjå glimt frå festivalkvelden her: