Tusen takk til elleve entusiastar i alle aldrar som med flott dugnadsinnsats sørga for at blaute parti frå Leknes til Myråsen har fått bruer og kloppar og greiner. No kan du gå nesten tørrskodd til Myråsen. Dugnadsinnsatsen var upåklageleg både av store og små, og mykje vart gjort på dei to timane dugnaden varte, og … Fortsett Alle tiders dugnad for Myråsen!
Kven blir årets sambygding? Kom med forslag innan 1. mai!
Har du forslag til kven som bør kårast til årets sambygding på 5915? Send ditt forslag til styret i Bygdelaget. Statuttane for tildelinga av denne prisen finn du nedanfor. Forslag med kort grunngjeving kan sendast på epost til bygdelaget, post@5915.no innan 1. mai. I fjor gjekk prisen til Jon Arne Hopsdal for hans mangeårige innsats for … Fortsett Kven blir årets sambygding? Kom med forslag innan 1. mai!
Ellevilt og vittig frå revygjengen!
Forestillinga «30 år med revyterapi» tok publikum med på ein herlig nostalgitripp med gamle perler og nokre nye, då UL Heimhug si revygruppe klinka til siste helga i mars. Revyens 30-års jubileum har måtte venta litt på grunn av pandemi og travle skodespelarar, men no var det endeleg duka for to kveldsforestillingar med pub, og … Fortsett Ellevilt og vittig frå revygjengen!
30 år med revyterapi!
Hjelmåsrevyen er klar med ny framsyning «30 år med revyterapi», og har denne helsinga til bygdefolket: «Me heldt oss friske og glade og set pris på at me har evna til å le, me som får ta oss ut på scenen på og i ungdomshuset. I 1991 hadde me vår første revy, og 2021 skulle … Fortsett 30 år med revyterapi!
Årsmøte og nytt styremedlem
15. mars var det årsmøte i Bygdelaget 5915. Her vart årsmelding og handlingsplan gjennomgått, rekneskap og budsjett godkjent, og to styremedlemer vart takka av. Dei lure som hadde møtt opp, fekk også smaka av den kjempegode sjokoladekaka, og eit gledelig gjensyn med "Sandvikadalan minutt for minutt" - ei videoperle frå revygruppa i ungdomslaget. Mathias Midtgård … Fortsett Årsmøte og nytt styremedlem