Nok ein gong samla i overkant av 40 bygdefolk seg rundt borda i ulike heimar på Hjelmås, og tok del i den årlege vandrande matfestivalen. Nokre gjengangarar sikrar seg plass kvart år, medan nye kjem til. Dette var fjerde gongen festivalen vart arrangert, og det mest uvanlege på menyen denne gong var ein tradisjonell arabisk … Fortsett Arabisk og norsk tradisjon på matfestivalen 2023
Påmelding til matfestivalen 4. november!
Vandrande matfestival og vennefest for gammal og ung, innfødde, innflytta, utflytta og alle som er glade i Hjelmåsbygda! Klikk her for påmelding Me møtest kl 1730 ved Eknes karosseri (der julegrana pleier å stå) for ein velkomstdrink, der vertshusa blir presenterte. Deretter går me i grupper på 8-10 personar frå hus til hus for en … Fortsett Påmelding til matfestivalen 4. november!
Hjelmås Handelslag vil utgreia døgnopen butikk
Døgnopen butikk blir vurdert som framtidig tiltak for å redda Handelslaget. Dei 13 frammøtte på årsmøtet til Hjelmås Handelslag fekk ei god orientering om korleis året 2022 hadde vore for butikken på kaien på Hjelmås.Året har vore vanskeleg, med høge driftsutgifter slik som auka straumrekning og redusert omsetting. Dette førte til eit underskot på om … Fortsett Hjelmås Handelslag vil utgreia døgnopen butikk
Vinnaren av Gladihaugpokalen 2022
Cathrine Sagstad vann Gladihaugpokalen med 246 turar! Ho fekk overrekt pokalen etter offentleggjeringa av vinnaren på 17. mai-arrangementet. I 2022 vart det registert 2680 turar til Gladihaug, og det var 817 ulike personar som skreiv namnet sitt i boka. Nokre av desse har gått svært mange turar. 10 gongar eller fleire: 37 personarMeir enn 100 … Fortsett Vinnaren av Gladihaugpokalen 2022
Hjelmåsrevyen vart Årets sambygding!
Det var ein hoppande glad revygjeng som mottok prisen under 17. mai-feiringa på Leknes skule. Det er Bygdelaget 5915 som står for utmerkinga, og diplomet er teikna av Håvard Giezendanner, Her er juryen si grunngjeving: Årets sambygding har gjeve oss kortreist glede her me bur i over 30 år.Årets sambygding har også gjort bygda viden … Fortsett Hjelmåsrevyen vart Årets sambygding!