Det var ein hoppande glad revygjeng som mottok prisen under 17. mai-feiringa på Leknes skule. Det er Bygdelaget 5915 som står for utmerkinga, og diplomet er teikna av Håvard Giezendanner, Her er juryen si grunngjeving:
Årets sambygding har gjeve oss kortreist glede her me bur i over 30 år.
Årets sambygding har også gjort bygda viden kjend, som det star i ei verseline frå Leon Bø: Hjelmås er eit paradis, det skal fortellast over heile vide verden.
Årets sambygding har greidd det, å gjera bygda vår viden kjend og samstundes bygd opp eit kreativt og godt miljø som har vist seg berekraftig og robust.
Me veit ikkje kva talent me har i bygda før dei får ei scene å stå på. Her har årets sambygding gjeve mange, både unge og eldre, sjansen til å vise kva dei er god for, og rom til vekse og utvikle seg. Barn og unge har fått kunnig hjelp til å utvikla sine talent av garva revyfolk. Årets sambygding har bygd eit godt og inkluderande miljø med humor som fundament.
Humoren er deira varemerke. Den strekkjer seg heilt frå det vakre og vemodige til det burleske og elleville. Me veit aldri heilt kva som kjem – men gler oss og spør oss: Kan det vera mogeleg? Går det an? I årets framsyning tok årets sambygding han bokstaveleg heilt ut, for i neste nummer på rørande vis oppmoda alle i bygda om å ta vare på nærbutikken vår på kaien. Sceneskifta er overraskande, brå og svingande og me let oss riva med. Frå det vage og vare, det varme og rørande, til det elleville og fullstendig overraskande – i dette spennet har Årets sambygding forført oss.
Årets sambygding spelar på alt me har av ressursar – og gjev oss skråblikk på det som rører seg lokalt, kommunalt, nasjonalt og internasjonalt.
Heldig er den bygd som har slik ei oppkome av kreative sjeler- stod det å lesa i lokalavisa si omtale eit år etter ei vellukka framsyning. Ja, bygda vår er heldig og rik. Rik på humor og sjølvironi – takka vera årelang innsats frå Hjelmåsrevyen.
I Alverrevyen har årets sambygding teke del og levert gode og solide innslag, som blir lagt merke til også utanfor kommunen.
Hjelmåsrevyen er, og har vore, ein framifrå historieforteljar – og historieskapar.
Det ligg djupt og grunnleggjande i oss, ønsket om at forteljinga om oss skal bli fortalt frå vårt perspektiv og slik bli synleg for andre. Forteljinga om oss må kome frå det punktet me står på.
«Kva sameinar eit folk? Hærar? Gull? Banner?
Nei.
« Historier. Ingenting er mektigare enn ei god historie. Ingenting kan stoppe henne. Ingen fiende kan slå henne. (..) Sitatet er frå Game of Thrones og er Tyrion Lanniser sine ord. La oss gjera dei til våre:
Det er dei gode historiene som sameinar oss. Som byggjer gode lokalmiljø. Desse historiane har Hjelmåsrevyen gjeve oss.
I år var filmane om dekksaka på Hjelmås eit brennheitt tema og Alver kommune sit langdryge sakshandsaming vart sett kraftig under kritikk med snert og humor. Ja kor vanskeleg KAN det vera?
Takk for skråblikket, vidsynet og humoren.
Det er ei store ære på vegne av Bygdelaget 5915, å ønska Hjelmåsrevyen varmt tillukka med utmerkinga som årets sambygding 2023!


