Alle tiders dugnad for Myråsen!

Tusen takk til elleve entusiastar i alle aldrar som med flott dugnadsinnsats sørga for at blaute parti frå Leknes til Myråsen har fått bruer og kloppar og greiner.

No kan du gå nesten tørrskodd til Myråsen.

Dugnadsinnsatsen var upåklageleg både av store og små, og mykje vart gjort på dei to timane dugnaden varte, og etterpå spanderte Bygdelaget is på dugnadsgjengen.

Ein særskild takk til Sigmund Grønnevik for god planlegging og forarbeid. Det blir snart ei økt til på Hillesvåg-sida der dei blaute partia får klopper å gå på. Meld deg gjerne til å vera med, skriv til post@5915.no!

Sjå kor flott det er blitt! Legg neste søndagstur til Myråsen, då vel!

Foto: Alice Grønnevik og Inger Helen Midtgård