Cathrine Sagstad vann Gladihaugpokalen med 246 turar! Ho fekk overrekt pokalen etter offentleggjeringa av vinnaren på 17. mai-arrangementet.

I 2022 vart det registert 2680 turar til Gladihaug, og det var 817 ulike personar som skreiv namnet sitt i boka. Nokre av desse har gått svært mange turar.
10 gongar eller fleire: 37 personar
Meir enn 100 gongar: 5 personar
Meir enn 200 gongar: 2 personar
Meir enn 241 gongar, men mindre enn 247: Samme 2 personar
4 damer og 6 herrar i topp 10, med to damer heilt i topp
Cecilie Selvik 242 turar
Lars Kåre Eikrem 176 turar
Vidar Hopsdal 146 turar
Steinar Hopsdal 115 turar
Gabriele Petkuté 83 turar
Geir Ove Hopsdal 76 turar
John Harald Valle 73 turar
Britt Hege Fjellstad 47 turar
Ingrid Helene Raunehaug 41 turar
Er det ein haug me er glad i så er det Gladihaug. Gode historiekunnige bygdefolk tipsa oss om 50 års jubileum fjor. Så i år er det den 51. ende gongen pokalen vert tildelt. Gladihaugpokalen har vore eit populært og motiverande tiltak for folkehelsa i ein mannsalder.
Det er Jon Arne Hopsdal som held greie på bøkene og legg ut nye når det trengs, og frå 2022 er det Jesper Munck som tel opp og lagar statistikk.