Ellevilt og vittig frå revygjengen!

Forestillinga «30 år med revyterapi» tok publikum med på ein herlig nostalgitripp med gamle perler og nokre nye, då UL Heimhug si revygruppe klinka til siste helga i mars.

Revyens 30-års jubileum har måtte venta litt på grunn av pandemi og travle skodespelarar, men no var det endeleg duka for to kveldsforestillingar med pub, og ei familieforestilling. Heile 13 innslag i smått og stort fekk publikum til å le gjennom to akter.

Dei som har følgt revyen opp gjennom åra har nok sine eigne favorittar, og det var tydeleg at både dei sleipe brunsniglane, BNR-bussjåførane på Nesbøruta og legendariske Heimhugarvarde fall i svært god smak.

Dei to tørste fiskestrilane til kai på Torget, mesterleg spela av Inger Helen Midtgård og Lars Alver Hagesæter, fekk salen i latterkok. Det same gjorde dei halvskumle vikingane i Heimhugarvarde, som hadde ein ubøyeleg trong til å lufta sine edle delar framfor publikum. Sketsjen vart laga då dei i Seim var så heldige å få ha Håkonarspelet, og hjelmåsfolket var ørlite misunnelige på nabobygda. Då var det klart at bygda måtte få sitt eige spel. Omkvedet i Håkonarspelet var at den nye kongen skulle halda seg til gamle skikkar og blota. Kongen i Heimhugarvarde og hans hird gjekk derimot langt i ein annan aktivitet som dei fann stor meining i.

Kaptein Midtfjords sine skrøner og ein hobbydykkar som plukka bildekk opp frå fjorden, utgjorde små og humoristiske pausestikk mellom innslaga. Revygjengen hadde også laga fine og fengande songar, blant anna om Handelslaget som bygda må ta vare på. Publikum fekk også sjå vittige videoinnslag, der spesielt «dekkhistoria» fekk mykje merksemd – både med litt ordførarharselas og kritikk til den omstendelige prosessen med å få gummidekka vekk frå fjordbotnen.

Tusen takk til UL Heimhug og alle eldsjelene som har stått på for å skapa underhaldning til bygda i 30 år!

Gjensyn med dei sleipe brunsniglane, som føler seg oversett og undervurderte no som alle snakkar meir om straumprisar og inflasjon enn om dei.

Fiskestrilar med meir sans for sprit enn for heimreise frå Torget

Han prøvde å styra seg, den nye kongen, med greide ikkje å stå i mot presset om å oppretthalda gamle skikkar.

Dei barske karane frå nedi Vågen hamlar opp med fine, champagnedrikkande fruer frå Apalen

Pissetrengte BNR-sjåførar i tidsklemma har mykje å klaga på

«Då gjer det godt å le!» lydde refrenget på avsluttingssongen. Og le, det gjorde publikum til gangs.