30 år med revyterapi!

Hjelmåsrevyen er klar med ny framsyning «30 år med revyterapi», og har denne helsinga til bygdefolket:

«Me heldt oss friske og glade og set pris på at me har evna til å le,  me som får ta oss ut på scenen på og i ungdomshuset.

I 1991 hadde me vår første revy, og 2021 skulle då vore jubileumsåret vårt, men koronaen sette ein stoppar for det og så var det ein liten koronatreghet i å komma i gong igjen… men  no vert det «30 år og vel så det»-revy. Innslaga er ei blanding av gamle og nyoppattspøta nummer og heilt nye nummer.

Me har laga gøye  filmsnuttar av dekksaka ved Hjelmåskaien, innspelt i oktober 2022 og tidlegare vist på Alverrevyen, der også husflidsnummeret «Brøstduk» og belte» var med.

Elles har me henta fram eit heilt tussete innslag frå  2001 der me parodierer Håkonarspelet – Håkonarvarde på Seim. Eigentleg var me på Hjelmås litt misunnelge på «dei i Seim» som hadde eit slikt flott spel. Derfor lagde me vårt eige Heimhugarvarde, der kongen og hirda hans bokstaveleg tala tek han heilt ut.

Brunsneglane kjem også glidane inn på scena igjen, etter at den store interessa for dei har bleikna i pandemi, inflasjon og høge straumprisar, lyt dei gjera noko for å få bli samtaletema igjen.

Nytt av året er Gamlis-TIK TOK og Slampoesi.

Revyen har premiere fredag 24. mars kl 20, og to framsyningar laurdag 25. mars kl 16 og 20.
Billettprisen er den same som sist revy, som var i 2018 (endeleg noko som ikkje stig).

Me ønskjer dykk velkomne til ungdomshuset Ljosheim og ein morosam revy, og håpar de går heim og nynnar på avslutningsongen: Da gjer godt å le