Årsmøte og nytt styremedlem

15. mars var det årsmøte i Bygdelaget 5915. Her vart årsmelding og handlingsplan gjennomgått, rekneskap og budsjett godkjent, og to styremedlemer vart takka av.

Dei lure som hadde møtt opp, fekk også smaka av den kjempegode sjokoladekaka, og eit gledelig gjensyn med «Sandvikadalan minutt for minutt» – ei videoperle frå revygruppa i ungdomslaget. Mathias Midtgård Håland vart vald til nytt styremedlem, i tillegg til varamedlemmene Charlotte Grøttveit og Helene Tvedt.

Styret frå 15. mars:
Inger Helen Midtgård (attval, leiar, 2 år)
Osvald Fyllingen (attval, 2 år)
Mathias Midtgård Håland (ny, 2 år)
Eivind Ertesvåg (fast medlem, ikkje på val)
Wenche Merete Grønnevik (fast medlem, ikkje på val)
Charlotte Grøttveit (vara)
Helene Tvedt (vara)

Valkomite:
Cathrine Gangstø (attval, 2 år)
Kjell Synnevåg (attval, 2 år)
Arnhild (fast) og Gunnar Angelskår (vara) var ikkje på val
Revisor: Styret får fullmakt til å oppnemna revisor.

Ronny Fremstad og Elin F. Styve vart takka av etter mange års engasjement i styret.

Årsmøte-kaka var nesten for fin til å eta!