Svett romjulsmoro i Storstova!

Elleve lag med fantasifulle namn og entusiastiske spelarar fekk fart på julekaloriane i årets romjulscup i Storstova på Hjelmås.

Dei som gjekk av med sigeren var Trille Ball, medan Langrennsportens venner kom på andre plass. Laga Raunis og Hellesneset delte tredjeplassen.

Både kvinner og menn mellom 14 og 100 år var inviterte til å delta i cupen, med 3-4 spelarar på banen i kampar som varte i sju minuttar utan sidebytte. Engasjerte publikummarar, familie og venner følgde med på spelet, som til tider gjekk hardt for seg framfor mål. Men det vart heldigvis ikkje bruk for korkje førstehjelpsskrinet eller hjartestartaren i Storstova. Bårde spelarar og publikum kunne nyta nysteikte vaflar undervegs i turneringa, servert av dei blide kioskjentene Julie og Celine.

Det var Bygdelaget 5915 med styremedlem Ronny Fremstad i spissen som på nytt arrangerte ein innefotball-cup, etter covid-stilla sidan siste cup i 2019. Den gode oppslutninga tyder på at mange var glade for å kunna samlast til uhøgtidelege kampar i juleferien, så det blir nok ein ny cup til neste år!

Magnus Thorson, kaptein på laget Magnus og myggene frå Lindås, stilte med tidsriktig kapteinsband på armen.

Julie (t.v) og Celine sørga for at det ikkje vart tomt for vaflar og pølser

Trille Ball gjekk av med sigeren i cupfinalen!

Dei blå spelarane til laget Ribbevegg ventar på sin tur til å bryna seg mot motstandaren

Julecupen fann stad på parketten i Storstova på Leknes

Lagkameratane i Magnus og myggene med sine gule, fine lagdrakter