God stemning og god mat på årets vandrande matfestival på Hjelmås! Heile 46 gjestar spaserte i grupper mellom fem heimar for å forsyna seg med deilige rettar og godt selskap gjennom den milde novemberkvelden.
– Spesielt kjekt var det at fleire nyinnflytta var med i år, så alle deltakarane rakk å bli kjent med nye folk, seier leiar i Bygdelaget 5915, Inger Helen Midtgård.
Det er tredje gongen bygdelaget arrangerer matfestivalen. Mange av deltakarane var også med då det sist vart arrangert før covid-stenginga, så det var eit etterlengta tiltak. Med Liv og Lyst som ramme vil Bygdelaget 5915 skapa nye møteplassar for folk, og kva er då betre enn å samlast rundt eit godt måltid med folk ein kanskje har sett før, men ikkje kjenner så godt?
Dei 46 gjestane fordelte seg i grupper på fem hus der dei åt ein rett i eitt hus før dei forflytta seg vidare til eit nytt hus for neste rett. Til slutt var både forrett, hovudrett og dessert fortært, og gjestane var mette og nøgde. Undervegs vart også gruppene miksa etter ein fast plan, slik at ein fekk dela bord med flest mogleg nye ansikt i kvart hus.
Til slutt samla nesten alle deltakarane og vertane seg til etterfest på pop up-arenaen DJ Monks Jazzpub, der festen fortsatte til utpå natta.
– Me er veldig takksame overfor matvertane som opna heimane sine for så mange gjestar. Det er litt av ein jobb å både planlegga, laga mat, ta imot og senda gjestar vidare. Alt skal helst klaffa på tid, og det gjekk kjempefint, seier Midtgård.
På menyen stod det mange ulike og spennande rettar. Men som mange av gjestane understreka – sjølv om maten er kjempegod, så er det samveret me kjem for. Og den sosiale ramma bli heilt spesiell og inviterande når ein treffest heime hjå kvarandre.



